Slutt med sytinga!

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

Frå tid til anna får me høyra kor sytete nynorskfolk er.

DEL

Gå høsten i møte - KUN 88 kr for 8 uker med papiravisen og alt innhold på nett

Ikkje nok med at me vil ha svar på nynorsk når me skriv på nynorsk til det offentlege, nei, me krev òg pengar til tiltak som nynorsk leksikon og parallellutgåver av lærebøker. Dessutan vil me at alle elevar som skal få studiekompetanse må læra seg å skriva dette pengesluket av eit språk.

Ikkje nok med at me sløsar med bokmålsbrukarane sine surt opptente penger. Sidemålsundervisinga tek verdfull tid, som kunne vore brukt på matematikk, framandspråk, kroppsøving, nynorsk litteraturhistorie og ikkje minst norsk hovudmål – eller bokmål, sidan dette tydelegvis er det same.

Men lat oss sjå litt nærare på saka. Kven er det eigentleg som syt?

Ein vanleg bokmålsbrukar kan gå gjennom livet utan å støyta på nemneverdig mykje nynorsk. Det same kan ein vanleg nynorskbrukar. Me les aviser (VG og Dagbladet) som er kjemisk frie frå nynorsk, me vert bomba med reklame der språket er bokmål eller engelsk (evt. med «artige» innslag av dialekt), og når me går på kino er det 100 prosent sjanse for at filmen er teksta på bokmål.

Ein av dei få stadene me møter nynorsk, er på skulen. Bokmålselevar får nokre få timar med (som regel keisam) undervising. Nynorskelevar får lærebøker som kjem tre veker etter skulestart, eksamen på bokmål og lærarar som indirekte oppmodar dei til å byta hovudmål, for då får dei det lettare i livet. Det er det vanskeleg å seia noko på, når sjølv det offentlege gjev blaffen i alt som heiter mållov og ikkje vil løyva eigne middel til parallellutgåver av lærebøker.

Så kven har eigentleg noko å klaga over: Bokmålsbrukaren som vert utsett for nynorsk nokre gonger i løpet av skuletida og i «Med hjartet på rette staden»? Eller nynorskbrukaren som vert påtvinga bokmål overalt der ho går, ikkje berre i media og reklame, men sjølv frå det offentlege, til dømes når ho etter å ha klaga tre gonger framleis ikkje får sjølvmeldinga på nynorsk?

Artikkeltags