Nynorsk er ikkje berre vestlandsk

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

Bjørn Kristen Ørbæk frå «Norsk Språkforening» gjekk i Finnmark Dagblad 14.09. ut med eit sterkt forsvar for dialektane. Eg er heilt einig i at dialektane har ein stor verdi som må takast vare på mot det sterke presset mot språkleg einsretting.

DEL

Gå høsten i møte - KUN 88 kr for 8 uker med papiravisen og alt innhold på nett

Ørbæk gjer ei kortslutting når han samtidig vil ha bort nynorsken og nynorskundervisninga, og erstatte den med meir bokmål. Det er nettopp tyngdepunktet i bokmålet – språket i osloområdet – som øver presset på dialektane. Også i byane i nord pratar ungdom meir og meir bokmålsnært. Det høyrer ein på radio og tv, og det står i riksaviser og skolebøker. Då er svare i alle fall ikkje meir bokmål på kostnad av nynorsk.

Om det resonnementet svikta, synest Ørbæk sterkare når han hevdar at nynorsken i alle fall har lite relevans fordi den er «vestnorsk». Det er riktig at nynorsken har sterkast fotfeste på Vestlandet, men det har i stor grad historiske årsaker. Vestlandet har vore i sterk opposisjon til fut og andre styresmakter, og landsdelen var grisgrendt med relativt få danskspråklege embetsmenn.

Fakta er at Ivar Aasen, som fastsette dei første nynorskordbøkene, prioriterte austlandske dialektar først. I den nyutkomne «Nynorsk faktabok 2005» av Ottar Grepstad går det fram av tabell 2.12 at Aasen i den store ordboka si i 1873 henta 46 prosent av orda frå Austlandet, 31 prosent frå Vestlandet, åtte prosent frå Trøndelag, åtte prosent frå Nord-Noreg og sju prosent frå Agder.

Nynorskopplæring er den viktigaste reiskapen for å ta vare på dialektane, og utgjer eit demokratisk uttrykk for språket over heile landet. Kontakt oss på www.nm.no om du vil vita meir.

Artikkeltags