Neste: Tromsø sentralstasjon

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

Det var herleg å lesa Einar Sørensens kronikk 8. oktober om å kopla Nord-Noreg på det svenske jarnbanenettet. Eg har lengje vore overtydd om at ein jarnbane frå Tromsø må siktast inn mot Riksgränsen/Tornehamn.

DEL

Tek ein føre seg eit topografisk kart, vil ein sjå at landskapet går i nærast bein linje nordover gjennom Sørdalen i Bardu og vidare opp Malangshalvøya til Tromsø. Men Sørensen serverer langt viktigare argument: Svenskane har ei satsing på jarnbanen – også i nord – som det verkeleg vil svinga av og som vil gjera tog til eit reelt alternativ til fly også på Nordkalotten. Med mindre Sørensen har dikta opp det han presenterer, er det lite som tyder på at svenske styresmakter er lamma av nokon handlingsregel!

På eit detaljpunkt – som ikkje på nokon måte rokkar ved hovudbodskapen til Sørensen – har eg rett nok andre tankar enn luftfartsrådgivaren. Han ser føre seg at jarnbanen til ishavsbyen endar opp i Tromsdalen. Det tilseier at traséen nordover skulle gå på austsida av Balsfjorden. Eg ser føre meg noko anna: At traséen tek rake vegen nordover frå Storsteinnes på vestsida av fjorden, dvs. på austsida av Malangs­halvøya, deretter i bru over Rya og bru og/eller tunnel frå Tisnes-området over til Tromsøya for så å enda opp i verdas første (?) hovudjarnbanestasjon i fjell, samlokalisert med ein ny trafikkterminal for buss og båt i området mellom Mack-bygget og Polarmiljøsenteret.

Samlokalisering

Tenk: I framtida vil ein då kunna ta hurtigbåt frå Skjervøy til Tromsø, eller buss frå Lyngen og Sommarøya, så gå tørrskodd nokre ti-tals meter og setja seg på eit høghastigheitstog, og til slutt gå ut på Drottninggatan i Stockholm kanskje mindre enn eit halvt døgn seinare. (Eller Karl Johan i Oslo om ein heller vil dit.)

Til grunn for forslaget ligg følgjande. For det første er samlokalisering av trafikkale funksjonar ønskjeleg av openberre grunnar. Som eg har gitt uttrykk for i andre innlegg nyleg, bør Prostneset avviklast som Tromsøs trafikknutepunkt. Det er nødvendig for å skapa ein miljø- og menneskevennleg bykjerne i Tromsø. Eit alternativ er då å flytta dette nokre hundre meter lenger sør og ta i bruk bygningar og areal som blir frigjort når bryggeriet flyttar ut av sentrum. Andre alternativ er sjølvsagt mulege, men flytting til det nemnde området, kan sjåast på som fornuftig sentrumsutvikling: Det vil forlengja bykjernen og gi endå eit løft til Sørbyen samtidig som trafikknutepunktet framleis blir liggjande i sentrum. Blir flyttinga realisert, er det naturleg å setja ein framtidig togstasjon inn i den same konteksten.

Kortaste veg

For det andre vil ein trasé over Malangshalvøya gi kortaste veg for ein jarnbane frå Indre Troms til Tromsø. Kortast veg gir kortast tid. Det blir kanskje ikkje billigast med tanke på bruer og tunnelar som må byggjast, men når det gjeld å komma seg over Sandnessundet, bør dette sjåast i samanheng med det uunngåelege nye vegsambandet mellom Kvaløya og Tromsøya. Det er lite klokt å byggja eit nytt samband på same stad som den eksisterande brua sidan det ikkje vil avlasta trafikken gjennom det bustadtette området mellom brua og Eidkjosen. Eit nytt vegsamband bør komma sør for Eidkjosen og då mest naturleg frå Tisnes-området. Den løysinga blir uansett rett i høve til det kommande Rya-sambandet og bør i tråd med ovanståande prosjekterast som eit kombinert veg- og jarnbaneprosjekt.

Ser ein endå lengre fram i tid kan trasévalet motiverast med ytterlegare (om enn usikre) moment som framtidig storhamn på Balsnes og flytting av den plasskrevjande flyplassen vekk frå Tromsøya, men lat meg setja strek der. Uansett gledar eg meg til den dagen eg får sjå avgangar til «Tromsö Centralstation» på lystavla på Stockholm C!

Artikkeltags