Kven kan styrke skolen?

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

Fleire av dei største partia i Norge har dei siste 35 åra styrt norsk skole i regjering. I desse åra har vedtekne rettar for nynorskbrukarar blitt meir og meir uthola.

DEL

Det gjeld retten til parallellklassar (retten til klassedeling for ti elevar med nynorsk som hovudmål), retten til læremiddel på nynorsk, retten til fullgod undervisning i nynorsk – og retten til likeverdig eksamen i nynorsk og bokmål.

Dei partia som har vist at dei ikkje kan styre skolen, er: Arbeidarpartiet, Høgre og no SV. Kven kan vi så stole på i skolepoltikken? Det må vere eit av dei partia som enno ikkje har fått prøve seg. Det er ikkje nokon grunn til å rekne med Frp sidan dei har same poltkken som Høgre – dei har progamfesta at nynorsken skal reduserast i norsk skole.

Senterpatiet har ein bra skolepolitikk, men er svekka ved at partiet ikkje har hatt skolepolitisk gjennomslagskraft i den raudgrøne regjeringa. Under Bondevik I fekk KrF ved Lilletun sin sjanse. Han gjorde ein relativt brukbar jobb, men Bondevik II slapp Høgre til og øydela alt Lilletun hadde bygd opp. Kan det vere ein idé å sleppe Venstre til? For å vere trygg på dette, bør Venstre gjere tydeleg den politikken partiet har for (ny)norskopplæringa.

Artikkeltags