Historieforfalsking som politisk instrument

Av
Artikkelen er over 12 år gammel

Etnisk og Demokratisk Likeverd (EDL) si framstilling er prega av fullstendig forvrenging av historiske fakta.

DEL

Organisasjonen med det sterkt misvisande namnet Etnisk og Demokratisk Likeverd – EDL – har satt seg som mål ei total endring av den norske samepolitikken. For å få til det må dei først endre den rådande oppfatninga av historia, nemlig at samane er eit urfolk som har vore utsett for undertrykking og tvungen fornorsking. Hovudstrategien deira synast no å vere påverknad innafor det største regjeringspartiet, og i den samanhengen har EDL-leiar og DNA-medlem Lars Hapalahti 19.05.2008 skrive brev til DNA si stortingsgruppe.

Hapalahti presenterer målsettinga med brevet slik:

«At historien profileres i politisk hensikt er et kjent fenomen. Som rådgiver for vårt parti er det imidlertid viktig at du ikke blir offer for tendensiøse fremstillinger og derved kommer i skade for å villede våre stortingsrepresentanter. Vi vil derfor i det følgende kommentere to av dine utsagn 1) at samer har vært utsatt for en sterk fornorskningspolitikk og diskriminering, og 2) at samisk bruk (av jord) ble ansett å ikke gi noen form for rettigheter.»

Han forsøker i brevet å tilbakevise begge desse utsagna og konkluderer:

«Der finnes ikke grunnlag for å hevde at samene i Norge har vært negativt diskriminert i forhold til den øvrige kvenske og norske allmue.»

Fullstendig forvrenging

På begge dei nemnde områda er EDL si framstilling prega av fullstendig forvrenging av historiske fakta. Eit par utvalde sitat frå analysa deira av fornorskingstida:

«Der finnes ikke grunnlag for å hevde at samene i Norge har vært negativt diskriminert i forhold til den øvrige kvenske og norske allmue. ... At de har slitt med spesielle problemer på grunn av sitt språk er et forhold som myndigheter gjennom tidene ikke har evnet eller maktet å eliminere.» Underteikna har i nokre år arbeida med innsamling av samisk skolehistorie. (Sjå http://skuvla.info). Materiale eg har funne i arkiv, litteratur og gjennom intervju viser heilt eintydig at norske styresmakter i over hundre år hadde som mål å utrydde samisk språk og kultur. Dette kjem og fram av det fornorskingsforkjemparane sjølve har uttalt. EDL er her ikkje bare i strid med sine motstandarar, men også med sine forgjengarar.

Samane har ikkje vore diskriminerte i forhold til nordmenn og kvenar, skriv Hapalahti. Nei, dersom ein ser heilt formelt på det, har alle hatt den samme rett og plikt til å gå i ein norsk skole, med norsk språk og norsk kultur som det einerådande. Dei har alle hatt det samme forbod mot å snakke samisk eller kvensk på skolen. Men for norske barn var vel dette i liten grad noko problem.

Frekkheit

EDL sin frekkheit i historieskrivinga har enno ikkje nådd toppen. Han kjem her:

«Man skal da være klar over at denne fornorskning har vært nøkkelen til den oppmerksomhet og forståelse som er blitt samiske interesser tildel i de siste 30-40 år. Den kjente samiske lærer i Tana, Per Fokstad, sa jevnlig til sine elever: «Lær norsk, lær norsk, lær norsk». Dette ledet blant annet til at Reidar Hirsti og Hjalmar Pavel, begge hans elever, ble de første fra indre Finnmark som fikk universitetsutdannelse.»

Per Fokstad var ein av tidenes fremste forkjemparar for ein samisk skole. Han laga i 1924 ein eigen plan for samisk skole, som blei slakta og latterliggjort av den tida sine fornorskingsforkjemparar. Denne mannen er det EDL vågar å ta til inntekt for sitt syn på fornorskinga.

Enno er det ikke slutt på Hapalahti sine framstøt for å snu verda på hovudet: «Av spesielle tiltak for å lokke samisk ungdom til lærerskolene ble det alt ca 1850 opprettet friplasser for samiske lærerstudenter og i hele denne periode eksisterte en egen post kalt finnefondet (finn=same) som finansierte tiltak for å støtte kunnskapsbygging blant samiske barn.»

Grundig dokumentert

Finnefondet var i første rekke eit fond for å styrke norskopplæringa for samiske barn. Dette er grundig dokumentert av Bjørg Larsson i hovudoppgåva «Finnefondet - et fornorskingsinstrument». Statsarkivet i Tromsø har eit rikholdig utval av søknadar frå lærarar om støtte frå Finnefondet.

Desse viser tydelig at det avgjørande for støtte var om lærarane dreiv aktiv fornorsking. Mange søknadar vitnar og om at lærarane såg det som si oppgåve å presse foreldre til å snakke norsk til barna. Formelt sett skjedde språkskiftet i kyst-Finnmark frivillig, reelt sett skjedde det etter eit kraftig press blant anna gjennom skolen, med statlige løyvingar som til samanlikning gjør dagens Samefolkets fond til ein dårlig vits.

Innlegget er forkorta. Full versjon på internett på http://sveinlund.info/sami/edl-hist.htm

Artikkeltags