«Gift med ein annan mann»

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

Dette er tittelen på ei bok av engelsk-palestinske Ghada Karmi. Ho fortel om dei to rabbinarane som kom til Palestina i 1897. Dei såg at landet var som ei brur; «vakkert, men alt gift med ein annan mann». Alt då måtte dei stilla spørsmålet: Dersom Israel skulle bli eit land for jødar, kvar skulle folket som alt budde der dra? I dag 111 år seinare er dette enno Israels dilemma.

DEL

Den israelske historikaren Ilan Pappe har skrive sitt landet sin historie frå denne tida i boka «The Ethnic Cleansing of Palestine». Han dokumenterer ein krigsforbrytelse, ein nøye planlagt etnisk reinsing av Palestina, systematisk utført av den sionistbevegelsen som staten Israel byggjer på i dag. Det er og var alltid sionistane sitt mål å skape eit land berre for jødar. 750.000 palestinarar vart drivne på flukt, dei fekk knapt med seg anna enn nøkkelen til huset sitt.

I dag 60 år seinare lever meir enn fire millionar flyktningar på Vestbreidda, Gaza, Libanon, Syria, Jordan, Egypt.

Nøkkel til eit hus

I 22 år har eg gått inn og ut av dei palestinske flyktningeleirane i Libanon. Det er no fjerde generasjon flyktningar som vert fødde i leirane der. Eg har høyrt på uendeleg mange historier om dei mange krigane i Libanon, og om korleis dei flykta frå sine landsbyar i det Palestina som no heiter Israel. Eg har sett nøklane dei bar med seg, og mange har synt meg de gamle papira som dokumenterer eigedomsretten på husa dei flykta frå.

Eg har vore ilag med dei i ulike krigar, og vore vitne til utallege overgrep mot dei rettslause flyktningane. Sist eg møtte leiaren for den palestinske kvinneunionen sa ho: «Eg trur snart ikkje palestinarane skal få leve et normalt liv!» Men dei kan ikkje gi opp, dei har ingenting å tape.

Menneskerettserklæringa

10. desember i år var FN si menneskerettserklæring 60 år. Artikkel 13 omtalar fridomen til å røre seg i sitt eige land, og retten til å kunne reise og kome att til eit kvart land. Den var bakgrunnen for at FN dagen etter, den 11. desember 1948, vedtok den første resolusjonen om dei palestinske flyktningane sin udiskutable menneskerett. Den heiter Resolusjon 194, og stadfestar dei palestinske flyktningane sin rett til å vende attende til sitt heimland.

Paragraf 11 seier: «... dei palestinske flyktningane som ynskjer å vende attende til heimane sine og leve i fred med sine naboar skal ha lov til det på den tidlegast praktiske dato, og kompensasjon skal betalast for eigedommane til dei som vel å ikkje vende attende...»

Ved å nekte palestinarane denne retten har Israel og deira støttespelarar konstant krenka deira soleklare menneskerett. Retten til å vende heim er så grunnleggande at den vart stadfeste i Magna Carta alt i år 1215.

Legitim kamp

Palestinarane har kjempa for sin rett heilt frå opprettinga av staten Israel i 1948. På 60-talet vart dei organisert gjennom den palestinske frigjeringsrørsla PLO. Dei har kjempa frå eksil (Jordan og Libanon) og dei har kjempa frå dei okkuperte områda (Vestbreidda og Gaza).

Me har fått ein rekke fredsavtalar, som ikkje har gitt noko resultat. Det dei for det meste strandar på at dei ikkje anerkjenner palestinarane sine grunnleggande nasjonale rettar – og særleg flyktningane sine menneskerettar. Israel prøver å få historia til å handle om 1967, og ikkje om fordrivinga i 1948. Også i Noreg prøver ein å tåkelegge det opphavlege historiske problemet, og snakkar ofte om okkupant og okkupert som to likeverdige partar.

Israel er bygd på den sionistiske ideen om å bygge ein stat berre for jødar. Landet har aldri definert grensene sine. I praksis et dei seg meir og meir inn på dei palestinske områda, riv husa deira, hindrar dei å dyrke jorda si og byggjer ein apartheidmur på Vestbreidda. Slik har dei grundig dokumentert at tostatsløysinga aldri har vore noko reelt alternativ for Israel. Dei held fram med sine brot på menneskerettane og fordrivinga av palestinarane. Samstundes vert forholda i Gaza, verdas største fengsel og vår vennskapsby Gaza, meir og meir uhaldbare.

Boikott Israel

Israel sit fast i trua på at dei kan bygge ein rein jødisk stat på ruinane av eit anna folk sin tragedie. Tida er overmoden til å legge eit større press på Israel. Den 3. desember gjennomførte Palestinakomiteen ein demonstrasjon utanfor Fylkestinget mot at hurtigbåtane skulle drivast av Veolia som støttar den israelske apartheidpolitikken. I England har boikottarbeidet kome langt, dei jobbar både med forbrukarboikott, kulturell- og akademisk boikott.

Den einaste realistiske løysinga er at ei palestinske flyktningane får vende attende, og at det vert oppretta ein felles sekulær stat bygd på folkeretten for alle innbyggjarane i området.

Eg har vokse opp med ei barnetru på menneskerettane. Er dei fortsatt verd denne trua? Eller gjeld dei berre når det passar den vestlege overmakta? Skal eg og mine palestinske venner i flyktningeleirane snart få oppleva at dei også gjeld det palestinske folket?

Artikkeltags