Umiddelbart kan dette uansett synast som ein realitetsfjern idé: Korleis kan ein i fullt alvor hevda at Noreg skal leggja ned industrien som legg grunnlaget for ein generøs velferdsstatpolitikk idag, og for framtige pensjonsinntekter for oss som er unge idag?

Svaret på dette kan i korttekst formulerast i tre ord: Den globale oppvarminga. Sidan i haust, då klimadebatten fann sin rettmessige plass i norsk offentlighet, har det gått opp for mange at den vestlege sivilisasjonen er truga dersom me fortset å basera energiforbruket vårt på fossile kjelder.

Globalt spel

Samtidig som såpass tungsindige innsikter er i ferd med å vinna fotfeste mellom vanlege folk, fortset det globale politiske spelet med forhandlingar om nærast ubetydelege utsleppsreduksjonar. Her i landet vert dette paradokset understreka ved at arbeidet for framtidige norske klimautslepp fortset med uforminska styrke (gjennom kjøp av klimakvotar, leiteboring, utbygging av nye oljefelt, oppkjøp av utanlandske oljeressursar), parallelt med at politikarane overbyr kvarandre i mål om reduksjonar i klimagassutsleppa. Kor lenge skal norske politikarar få fortsetja denne dobbeltmoralske politikken og retorikken?

Noreg framstår som ein av dei største pådrivarane for klimaendringane, både i form av petroleumspolitikken og energibruken. Så seint som i 2005 var me verdas tredje største olje- og gasseksportør, og me er eit av dei landa i verda som brukar mest energi/innbyggjar. Det er også verdt å leggja merke til at Noreg har ein påfallande svak miljøprofil i forvaltninga av oljeformuen. Om nokre månader passerer det norske oljefondet 2000 milliardar kroner. Desse pengane vert idag nesten utelukkande investert i vestlege aksje- og finansmarknadar, oljefondet manglar eit mandat til å investera i land i sør og i fornybar energi. Tanken er at oljefondet om nokre tiår skal sikra at nokre millionar nordmenn skal kunne ovra seg i verdas mest generøse statlege pensjonsordning.

Andre utfordringar

Samtidig tyder mykje på at det vil vera heilt andre utfordringar enn pensjonen som vil uroa oss om 40-50 år. Idag framstår Noreg med stolthet som fredsmeklar og verdsmeister i bistand på den internasjonale politiske arenaen, dette biletet vil fort bli snudd på hovudet den dagen verda «oppdagar» kor usolidarisk og egoistisk Noreg forvaltar oljeformuen.

Tida er inne for å setja ein ny dagsorden i norsk politikk. Den dobbeltmoralske retorikken, som både tek til orde for ein offensiv oljeutvinningspolitikk og for ein ansvarleg klimapolitikk, kan ikkje lenger aksepterast.

Den saudiarabiske oljeministeren Even Sheikh Zaki Yamani sa ein gong: «The stone age did not end for lack of stone, and the oil age will run out long before the world run out of oil». Når skal norske politikarar vakna til at me som styrtrik oljenasjon har eit særskilt ansvar for å utvikla teknologi som kan framskynda overgangen frå fossil til karbonfri energi?

Dei eg har møtt som tek til orde for stopp i den norske oljeutvinninga, har det til felles at dei ikkje er politisk aktive. Det er uansett ingen tvil om at synspunktet deira om stopp i oljeutvinninga, er langt meir i takt med vitskapen enn nokon norsk stortingspolitikar er.

Einaste utveg

Eit fleirtal av klimaforskarane, ser det som truleg at me treng minimum 60 prosent reduksjon i dei globale klimagassutsleppa innan 2030 dersom me skal unngå klimaendringar ute av kontroll. Skal me greia dette, er ei nedbygging av norsk og internasjonal petroleumsindustri einaste utveg. Overgangen frå fossil til karbonfri energi vil sjølvsagt ikkje bli enkel, det trengst enorme investeringar og ditto politisk vilje for at karbonfrie energikjelder i hovudsak skal kunne overta for fossile energikjelder innan 20-25 år.

Overgangen til karbonfri energi at nokre land er viljuge til å gå i spissen, og satsa tungt på fornybar energi. Noreg har eit spesielt ansvar for å bli eit av desse landa, gjennom oljefondet har me også muligheten. Ved å omdefinera forvaltningsmandatet for det norske oljefondet, kan oljefondet gå frå å vera eit defensivt investeringsfond i vestleg økonomi, til å bli eit offensivt, globalt investeringsfond i fornybar energi.

Det eventyrlege kapittelet i norsk historie som heiter «Den norske oljealderen» fyller snart førti år. Kor lenge skal me venta før den norske offentligheten og norske politikarar innser at det einaste ansvarlege er å innsjå at denne epoken går mot slutten?