Inger Helgestad (24) ser med kjærleik i blikket ned på den vesle jenta. 14. juli 2021, på termin, såg ho dagens lys på Førde sentralsjukehus.
Seks dagar seinare var det akkurat ni månadar sidan pappa Vegard Nes Olsen omkom då bilen han og Inger sat i krasja med ein buss på Hafslo.
Ingen visste om den vesle spiren som klamra seg fast, då livet så brutalt vart snudd på hovudet den 20.10.2020.
Ho har fått namn etter mor til Vegard, som døydde av kreft for litt over fem år sidan.
– Det var det han ville, og det er så fint at han fått bestemma det. Me sa alltid at om me fekk ei jente nokon gong, skulle me kalla ho opp etter mamma til Vegard. Difor var eg aldri i tvil om kva namnet skulle vera. Slik er han framleis med oss, sjølv om han ikkje akkurat er her, seier Inger.
Fortalde løyndomen
Det er eit halvt år sidan Inger delte løyndomen med heile omverda, då ho gjennom reportasjen i Sogn Avis fortalde om den vonde, tøffe og merkelege tida etter ulukka i fjor haust.
Om dei fire sekunda som endra alt og kva lagnaden hadde i vente.
Her kan du lesa heile reportasjen:

På fire sekund snudde livet for Inger (24), men lagnaden hadde meir i vente
– Det var veldig fint å vera open og fortelja mi historie. Eg har aldri angra på det og fekk berre positive tilbakemeldingar. Eg opplevde vel også at mange synest det var lettare å ta kontakt, at det var greitt å prata om både ulukka og ikkje minst svangerskapet, seier Inger og tek ikkje augo vekk frå det vesle underet som ligg og pludrar på fanget hennar.
Ho er veldig takksam for alle som har stilt opp og gitt både omtanke og kjærleik. Det som minner ho på at livet er verd å leva, sjølv det ikkje alltid kjennes slik ut.
– Det er klart det har vore og framleis er mange tunge stunder, det svingar veldig. Det har vore ei emosjonell berg og dalbane, med to innleggingar på psykiatrisk. Men etter fødselen kjenner eg på ei ny og betre ro, det er så godt å ha ho her. Halda ho, kosa, berre vera nær.
Sterke kjensler i sving
Det er ikkje nødvendig med dei store mattekunnskapane for å forstå at vesle Grete var heilt nylaga då ho og mamma Inger overlevde den dramatiske bilulukka. Heldigvis var ikkje storebror Morten med denne dagen, då dei på oktoberglatt veg mista veggrepet i ein sving på Hafslo. Der livsstrengen til Vegard vart kutta berre månader før han skulle ha blitt 30 år. På den same datoen som Morten vart 2 år og Inger 24.
– No har eg fått ein ny dato å hugsa på, 14. juli, lurer på korleis det skal gå, seier Inger og ler godt.
Det var ingen som visste om vesle Grete då ulukka skjedde, ikkje før dagen etter gravferda forstod Inger kva som var på veg.
– Det er vanskeleg å forstå at livet og døden kan kryssa kvarandre på denne måten. Døden kan eg ikkje få gjort noko med, så eg har bestemt meg for prøva å leva slik Vegard ville ha gjort det. Ved å feira livet, men heller ikkje gløyma dei som er vekke.
Trudde det ville gå gale
Sjølv om Inger var glad og takksam for det vesle underet som var på veg, så var det ein anna del av kjenslelivet som sa at dette kom ikkje til å gå bra.
– Eg vart følgt opp godt og tett heile vegen og det var bestemt at fødselen skulle setjast i gang på termin. Det rare var at dess nærare eg kom, dess sterkare kjende eg på at no var der ikkje liv lenger. Eg berre venta på at ho skulle slutta å sparka, så det var slitsamt kan du seia.
Difor var letta og gleda enorm då ho endeleg såg dagens lys. Ikkje trengde babyen så mykje hjelp heller, dei tok vatnet og etter fem timar kunne Inger helsa på ei frisk og fin jenta. Ikkje like stor som bror sin Morten då han vart fødd, men ho hang ikkje veldig langt etter med sine 4338 og 53 cm. Ei god veninne fekk gleda og æra av å vera den støttande parten under fødselen.
– Då eg kom opp på sjukehuset, synest eg det var tung at han ikkje var der. Eg var budd på det, men kroppen reagerte likevel før fødselen kom skikkeleg i gang. Etter at ho var fødd, var eg overraskande roleg. Og det har eg også vore etterpå.
Ei klippe i livet
Ein av dei som har følgt Inger aller tettast i heile tida etter ulukka, er mamma Ruth Helgestad. Frå dag ein var ho på plass for å ta hand om barnebarnet Morten, samstundes som ho skulle takla sorga ved tapet av svigerson, uvissa og frykta for korleis det skulle gå med Inger og ikkje minst gleda då det synte seg at det ville gå bra.
På toppen av det heile kom meldinga om at ho på nytt skulle bli bestemor, til den vesle jenta som hadde klamra seg fast til livet.
– Det har vore nokon veldige svingingar ja, det er ikkje noko å pakka inn, seier Ruth og smiler forsiktig.
Sjølv om det enno ikkje har gått eitt år sidan Vegard døydde, har det vore enorme omveltingar i livet til heile familien.
For det har vore mykje å ta stilling til. Brått sat Inger med ein heil stor einebustad som Vegard berre var i starten av oppussinga på.
Det vart både for stort, kostbart og upraktisk. Valet fall på ei lita, men ny leilegheit i det nye bustadfeltet Bråtane.
– Eg følte på ein måte at eg flytta frå han, utan at han visste det. Men eg kjenner han så godt, at eg veit at han ville ha sagt at eg skulle flytta, seier Inger.
Funne seg til rette
I bustadfeltet og i gata er det mange ungar og småbarnsforeldre, noko både Inger og Morten set pris på. Også Grete vil finne mange leikekameratar der, når ho får eit par år på baken.
– Føler du at du no skriv eit nytt kapittel i livet ditt?
– Eg veit ikkje, for kapittelet med Vegard vil aldri bli avslutta. Han er med meg heile tida. Det er så mange situasjonar der eg veit akkurat kva han ville ha gjort, sagt eller ledd av. For meg er det faktisk ei hjelp i koma meg vidare. Eg er takksam for at me får vera tre, sjølv om eigentleg skulle ha vore fire.
Inger veit at når årsdatoen kjem for ulukka, vil det nok kjenslene vera sterke.
– Eg har vore med Vegard i sorg og lært mykje av han som eg prøver å ta med vidare. Eg fiksar ikkje alt, men det hjelpe å vita kva han meiner me skal bør gjera den dagen. Han ville ha feira livet!