(Nordnorsk debatt)

Årsaka til at desse krigsminna dukkar opp er sluttinnlegget til president Erdogan på NATO-toppmøtet i førre veka. Der vifta han med eit papir med namngjevne kurdarar i Sverige og Finland, og slo fast at dei tyrkiske krava for å godkjenne dei to nye NATO-landa var «ferdig snakka». Han la vekt på at tyrkiske krav skal møtast «raskt og grundig» med eit rammeverk for å «fasilitere utlevering». Viss ikkje vil NATO-avtalen med Sverige og Finland ikkje få Tyrkia sin signatur, og dermed forbli nøytrale.

At svenske aviser dei siste dagane har fortalt at svensk overvakingspoliti har utarbeidd lister med nokre «titals namn» som kan bli aktuelle å sjå nærare på, kan tyde på at den svenske staten tek til å forstå kva dette i røynda kjem til å handle om. «Fasilitere» tyder her at svensk politi skal arrestere og med væpna vakthald setje mistenkte kurdarar på fly til Tyrkia. Her ventar eit mykje meir brutalt politi som rår over alle maktmiddel; brutale fengselsopphald, forhøyr med bruk av tortur, utpressing, langvarige straffer og øydelagde liv

Gjennom eit djevelsk farleg samarbeid mellom svensk og tysk politi fekk den norske motstandsmannen Martin Hjelmen si «fasiliterte utlevering» frå Sverige til Gestapo i Oslo i januar 1941. Slik starta ei dødsreisa der Hjelmen vart knekt, fysisk og psykisk, av brutaliteten på vegen til skafottet i Fühlsbuttel-fengselet i Brandenburg der han våren 1944 vart halshoggen.

I 1937 vart han medlem av Wollweber-ligaen, ei sabotasjegruppe som senka tyske handelsskip i våpenfrakt. Sjefen Ernst Wollweber var ein leiande tysk kommunist som stod under den sovjetiske marinens kommando. Gruppa sine mange aksjonar var den første militære motstanden mot nazi-Tyskland, men dette tok slutt då Stalin og Hitler underteikna ei ikkje-angrepspakt hausten 1939. Hjelmen var Wollweber si høgre hand i den nordlege delen av Skandinavia der bombene vart bygde i Kiruna med sprengstoff var enkelt å «låne» frå LKAB sine lager.

Martin Hjelmen vart arrestert i Sverige i februar 1940. Årsaka var mangelfulle reisedokument, og grunna fleire uheldige omstende kobla dette han til ei opprulling av Wollweber-gruppa i Kiruna/Luleå. Sjølv vart Hjelmen aldri konfrontert med det Säpo visste. Han vart dømd til åtte månaders fengsel under svært strenge soningsvilkår for dokumentfalsk, men trudde han skulle reise heim som ein fri mann. Med to væpna vakter på toget forstod han at det ikkje skulle bli slik, og i Oslo venta Gestapo. Spørsmåla til Hjelmen var det i stor grad Säpo sine etterforskarar som stilte. Svara dei fekk tilbake var eit resultat av nesten dagleg, hard tortur over lengre tid. Hjelmen prøvde, men greidde ikkje stå imot.

Den norske legasjonen i Stockholm var aldri i kontakt med Hjelmen. Om dei kjende til saka hans er uklart, men i så fall brydde dei seg ikkje. Han vart aldri informert om den alvorlege mistanken som svensk og tysk politi hadde mot han. Advokathjelp var det aldri snakk om. Mykje tyder på at overføringa til Noreg skuldast gestapistane i Oslo sine «effektive» forhøyrsteknikkar. Det som vart banka ut av Hjelmen la grunnlaget for tiltalen mot kameratane i Norrbotten og Ernst Wollweber som også vart pågripen i Sverige. Her starta rettsaka hausten 1941 med 11 tiltalte. Dei fleste vart dømde til fengsel og fekk dommar på fem-seks år og nedover. Alle vart frigjevne før krigen var slutt, og det ville også ha skjedd med Hjelmen om han hadde fått saka si opp i Sverige.

Sverige var nøytralt gjennom heile krigen, men særleg i dei første krigsåra gav landet etter for tysk press. Dette skjedde ikkje minst i samarbeidet mellom tysk og svensk politi, og dermed også flyktningpolitikken. Frykta for ein tysk okkupasjon var sterk, men i dei øvre samfunnslag handla det også om støtte til Tysklands sak og sympati for nazismen. Dei menneska, frå alle kantar av Europa, som Tyskland jaga var heller ikkje velkomne i Sverige. I åra 1940-1941 vart cirka 800 nordmenn avvist ved svenskegrensa. Dei fleste var opplagt lukkejegerar eller vanlege kriminelle, men også politiske flyktningar; kommunistar, jødar og andre motstandsfolk.

«Att bo granne med ondskan», er tittelen på ei svensk bok som også er sluttrapporten frå eit stort forskningsprosjekt om Sverige under 2. verdskrig. Her blir Hjelmens sak brukt som dokumentasjon på at svensk flyktningpolitikk var ei direkte årsak til krigsbrotsverk med mishandling og død. «Hjelmen behandlades av svenska myndigheter som en skurk, men var han inte i själva verket en hjälte?» er spørsmålet som forfattaren Klas Åmark stiller.

I dag lever 25-30 millionar kurdarar i meir eller mindre sjøstyrte område i Syria, Irak, Iran og Tyrkia, i eit landområde dei kallar Kurdistan og som dei reknar for sitt. Det er ikkje så lenge sidan NATO og særleg USA takka dei varmt for viktig innsats og store offer i kampen mot IS som for cirka ti år sidan var årsak til alt vondt i verda. Er det no tid for å ta fram terroriststempelet i jakta på kurdarar i to nye NATO-land.

Særleg for Sverige, på veg inn i ein forsvarsunion med dei høgste demokratiske ideal, må det kjennast underleg at dei første NATO-handlingane kan bli «facilitert utlevering» av kurdarar i eit politisamarbeid som minner om det dei hadde med Hitler-Tyskland i krigsåra.

I så fall har også dei 73 kurdarane på Erdogan si liste all grunn til å føle det same som Martin Hjelmen før han vart utlevert til Gestapo i Oslo.