Opplæring i skriftleg norsk

NORSKFAGET: Det er funne indikasjonar på at læringsmiljøet til elevane er styrka som følgje at forsøka ved to videregåande skular med overgang fra tre til ein karakter i norskfaget. Illustrasjonsfoto: Scanpix

NORSKFAGET: Det er funne indikasjonar på at læringsmiljøet til elevane er styrka som følgje at forsøka ved to videregåande skular med overgang fra tre til ein karakter i norskfaget. Illustrasjonsfoto: Scanpix

Av
Artikkelen er over 6 år gammel

UTDANNING: Ein fersk rapport viser at forsøka med ein karakter i norsk i hovudsak er opplevd positivt av så vel lærarar som elevar.

DEL

Kunnskapsdepartementet har bedt om ein revisjon av norsklæreplanen og ei omvurdering av vurderingssystemet i norskfaget. I samband med den pågåande læreplanrevisjonen i faget har Utdanningsdirektoratet foreslått både å styrke opplæringa i hovudmålet og å senke ambisjonane for dugleik i sidemålet. Vurderinga av skrivekompetansen til elevane er utan tvil det mest problematiske her.

Mange vil meine at hovudproblemet i skriveopplæringa i norsk er at ho ikkje berre er prega av fagleg einskap, men også av politisk splitting, særleg når vurderingssystemet skal koplast til læreplansystemet. Dette har gjeve oss ei skriveopplæring som er politisk grunngjeven, som dels vantar fagleg legitimitet, og som skapar strid i skulen.

Det norskfaget treng, er ei einskapleg opplæring i og vurdering av skriftleg norsk som er tufta meir på faglege premissar enn på politiske. Dette har Fana gymnas og Kongsbakken vidaregåande skule prøvd å få til i to parallelle forsøk med berre éin karakter i norsk.

Evaluering av forsøka

Nordlandsforskning ved Wenche Rønning har på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet evaluert forsøka ved Fana gymnas og Kongsbakken.

Rapporten konkluderer med at forsøka i all hovudsak er opplevd positivt av så vel elevar som lærarar ved begge skulane. Det er funne klare indikasjonar på at læringsmiljøet til elevane er styrka som følgje av overgangen frå tre til éin karakter i norsk.

Det kanskje mest tankevekkjande funnet i rapporten er at lærarane gjev uttrykk for at læreplanen er blitt meir synleg og til stades i undervisninga. Det skulle da vel berre mangle, kan ein seie, men dette rører ved det problematiske i norskfaget slik det er i dag. Sett på spissen arbeider ikkje norsklærarane hovudsakeleg for å få læringsresultat, men for å få vurderingsgrunnlag.

Eit viktig fagleg funn er også at skriveopplæringa er blitt styrka ved at lærarane har fått tid til å følgje opp elevane betre. Dei har arbeidd prosessretta og teke i bruk tidkrevjande, men effektive metodar som er i samsvar med prinsippa i den nasjonale innsatsen «Vurdering for læring».

Må avpolitiserast

Det er ei stor utfordring for ansvarlege myndigheiter og skulefolk å bryte fordomsfylte barrierar. Eit døme på kor djupt politisert skriveopplæringa i norsk er, finn vi døme på i samband med at Fana gymnas vende seg til Universitetet i Bergen for å be om ei evaluering av forsøket. LLE-instituttet takka nei av faglege grunnar, men også ut frå politiske avvegingar:

«Samtidig er sidemålskarakteren si rolle i norsk språkpolitikk samansett, og eit argument frå målrørsla har heile tida vore at ein eigen sidemålskarakter er viktig for jamstellinga mellom nynorsk og bokmål. Å fjerne sidemålskarakteren har difor fleire ideologiske og politiske sider ved seg. Desse sidene går vidare enn spørsmål om arbeidsmengda til norsklærarar. Vi ser jo at prosjektet alt i dag (gjennom prosjektdeltakarane) spelar ei rolle i diskusjonen om ein skal fjerne ein eigen sidemålskarakter. Det gjer det viktig at ein tenkjer over og kan stå inne for dei metodiske og forskingsetiske aspekta ved forsøket. Vi ser det slik at vi i dette prosjektet ikkje vil ha kontroll over måten våre evalueringar vil verte brukte på» (Svarbrev frå LLE 11. mars 2011)

Om eg, som prosjektdeltakar og ansvarleg for norskopplæringa ved Kongsbakken, kunne få halde meg til det faglege aleine, skulle utgangspunktet mitt vere at det å kunne skrive norsk, er å kunne formulere seg skriftleg både på hovud- og sidemålet. Samstundes er det slik at ein må forvente at elevane meistrar hovudmålet sitt på eit høgare nivå enn dei meistrar sidemålet. Da må dette visast i læreplanen og vurderingssystemet.

Ein eller to karakterar

Kvifor ikkje vurdere skriftleg norsk som ein samla dugleik?

Av rapporten frå Nordlandsforskning går det fram at lærarane som deltok i forsøka ved Fana gymnas og Kongsbakken, har ulike syn på korleis vurderingssystemet i norsk skal vere. Dei er likevel samde om eitt: Dei vil ikkje attende til eit system med tre karakterar. Skal vi da ha éin eller to?

Mitt utgangspunkt er at det ikkje er faglege grunnar til å prøve dei skriftlege dugleikane til elevane mot dei same kompetansemåla to gongar – først éin gong på hovudmålet og så enda ein gong på sidemålet. Samstundes meiner eg det er ein ulikskap mellom munnleg og skriftleg resonnement og retorikk som kan gjere det naudsynt med en eigen munnlegkarakter.

For min eigen del har eg derfor tvilt meg fram til at det kan vere best å gjeve ein munnleg og ein skriftleg standpunktkarakter i norsk etter ungdomstrinnet og etter vidaregåande opplæring. Den samla skrivedugleiken i norsk må på si side prøvast med éin skriftleg eksamen, både etter 10. trinn og etter Vg3 på studieførebuande utdanningsprogram. Reint praktisk kan dette gjerast ved at elevane skriv eit kortsvar på sidemålet og eit langsvar på hovudmålet.

Eg trur ikkje skriveopplæringa i norskfaget er tent med ei fortsatt splitting i to vurderingsdisiplinar. Derimot trur eg at vi kan gjere heile norskfaget betre om vi handsamar hovudmålet og sidemålet som to litt fagleg ulike, men elles likeverdige delar av éin samla dugleik i skriftleg norsk – og til å vurdere denne treng vi altså berre éin skriftlegkarakter.

Kjelder: Wenche Rønning: «Fra karakterjag til læring – fra dommer til trener». Nordlandsforskning september 2012. Svarbrev frå LLE, Universitetet i Bergen 11. mars 2011.

Artikkeltags