Krigsgraver søker namn

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

Narvik-namnet har internasjonalt ry, og byen er kanskje den mest kjente norske by utanlands.

DEL

I mai skal statsråd Trond Giske tildele oppdraget med å utarbeide register over krigsgraver over sovjetere som døydde i Noreg under 2.verdskrig.

Når arbeidet er gjort vil han overføre alt dokumentasjonsarbeid for alle utlandske krigsgraver til ein frittståande institusjon. «Narviksenteret – nordnorsk stiftelse for historieformidling, menneskerettigheter og fredsbygging» er beden om å konkurrere med ein Trøndelagsinstitusjon om oppdraget.

Kva er Narvik-senteret?

Narviksenteret er ein fusjonert institusjon (Nord-Norsk fredssenter/Nordland røde kors krigsmuseum) i Narvik som skal vere nordnorsk nav i eit nasjonalt nett av minnestader.

Hovudoppgåva er dokumentasjon/formidling av nordleg krigs-og okkupasjonshistorie, i tillegg til dokumentasjon/formidling av jugoslavisk/sovjetisk fangehistorie, med framtidig ansvar for alle krigsgraver, viss Giske vil. Senteret samarbeider med Universitetet i Tromsø om prosjektet.

Eit internasjonalt namn

Regionen manglar i dag eit nasjonalt minnesenter slik austlandet, sørlandet og Trøndelag har i Holocaust-senteret (Oslo), Arkivet (Kristiansand) og Falstad-senteret (Levanger). Med tanke på Nordfronten og nordområda sine innhaldsrike krigserfaringar, bør regjeringa bidra til oppbygging av Narvik-senteret.

Krigshandlingane ved Narvik våren 1940 enda med 64 senka skip og tett på 6000 omkomne menn. Gjenerobringa er legendarisk, med polsk, norsk, britisk og fransk alliert motstand som tvinga tyskarane ut av Narvik 28.mai. Tapet vart Hitlers første militære nederlag i 2.verdenskrig, og ein inspirasjon for motstand mot Hitler-Tyskland.

Narvik-namnet fekk internasjonalt ry, og byen er kanskje den mest kjente norske by utanlands; i seg sjølv grunn god nok for eit nasjonalt minnesenter.

Fangehistoria og Nordfronten

Fangehistoria er særleg nordnorsk. 80.000 sovjetiske krigsfangar/sivile tvangsarbeidarar (80 %) kom nordover for å bygge Atlanterhavsvollen og kystbatteri, Nordlandsbane og riksveg 50 (E6). 10.000 døydde i Nord-Noreg (3.500 i Sør-Noreg).

Dei første sovjetarane kom til Narvik i august 1941, og ca. 4.500 fangar var alltid i området. Verst var Beisfjordleiren der 900 jugoslaviske politiske fangar kom i 1942. Opphaldet varte berre i 4 månader, med 748 døydde fangar som fasit.

Ca. 200 jugoslavar ligg gravlagt i umerka graver ved leiren langs E 10 ved Øvre Jernvann. Dødsraten var 83 % for jugoslavane; lik KZ-leirane på kontinentet.

Repatrieringa

Den 8.mai 1945 skulle ca. 83.000 sovjetiske krigsfangar i Noreg sendast heim/repatrierast, og då stod Narvik atter sentralt grunna jernbanen austover.

Ein av tre hovudoppsamlingsstader for transitt låg i byen, og i juni/juli vart ca. 30.000 sendt med bane til svenske hamner, for å bli sendt med båt til Russland via Finland.

Noregs viktigaste minnestad

Narvik vart tidleg Noregs viktigaste krigsminnestad, både for tidlegare sovjetiske borgarar, så vel som for norske, franske, britiske, tyske og austerrikske borgarar. Minna frå krigen er synlege som del av byidentiteten.

Mange krigsoffer er gravlagt på tyske, franske, britiske, polske og norske gravlunder i Narvik. I alt 37 krigsminnesmerke er reist der. 1.748 tyske soldatar har si grav i byen, med lang tradisjon for handtering gravene (vedlikehald, seremoniar, minnestunder, kontakt/oppfølging av pårørande nasjonar).

Arbeidet har pågått sidan 1945-46 overfor tidlegare Sovjetunionen, Polen, Frankrike, Storbritannia, Tyskland og tidlegare Jugoslavia.

Det er naturleg at Giske vel Narviksenteret som framtidig forvaltar av alle krigsgraver i Noreg, og at utarbeidinga av register over krigsgraver over sovjetarar blir tildelt Narviksenteret i samarbeid med Universitetet i Tromsø.

Artikkeltags