Dei samiske språka er trua og kan forsvinna. Det er i hovudsak to grunnar til dette:
1) Dei samiske språka har få og til dels svært få talarar. 2) Det er for få born som veks opp og lærer samisk flytande til at det noverande talet på morsmålstalarar kan haldast oppe: Rekrutteringa er ikkje berekraftig.
Immateriell kulturarv
Dersom dei samiske språka døyr ut, forsvinn ein viktig del av norsk og nordisk immateriell kulturarv. Samane sjølve misser sitt viktigaste kulturuttrykk, og alle vi andre misser sjølve limet i den grenselause kulturen på Nordkalotten og i Skandinavia.
Ønskjer vi det? Viss ikkje er spørsmålet kva vi kan gjera for å hindra det. Svaret ligg i pkt. 2 ovanfor: Vi må syta for at fleire samiske born og unge får høve til å læra seg samisk og bli funksjonelt tospråklege i samisk og majoritetsspråket, om det no er norsk, svensk, finsk eller russisk.
Svært få talarar
UNESCO har alle dei ni nolevande samiske språka på si liste over trua eller svært trua språk.
Språkgruppa har i følgje databasen Ethnologue til saman ca. 25.000 talarar. Om lag 21.000 av dei snakkar nordsamisk – dei resterande 4.000 fordeler seg på dei andre åtte språkformene: sørsamisk, umesamisk, pitesamisk, lulesamisk, enaresamisk, skoltesamisk kildinsamisk og tersamisk. Ume-, pite- og tersamisk har alle mellom 10 og 30 talarar att, og den siste talaren av akkalasamisk på Kola døydde i 2003.
Det sjøsamiske språket som ein gong vart tala langs kysten av Noreg frå Nordland til Finnmark, er for lengst forsvunne, og verken ume-, pite- eller skoltesamisk har lenger talarar med heimstad på norsk territorium. I dag finst det berre talarar av sørsamisk, lulesamisk og nordsamisk i landet vårt.
Inga anna språkgruppe i Europa har samla sett så få mormålstalarar som den samiske. Gruppa dannar eit kontinuum av språk og dialektar som vi minst kan samanlikna med dei nordiske språka, altså islandsk, færøysk, norsk, dansk, svensk og dialektar av desse. Men til samanlikning talar om lag 22 millionar menneske eit nordisk språk – dei fleste norske dialektar har fleire talarar enn alle dei samiske språka til saman.
Utan borna døyr språket!
Det er likevel ikkje berre storleiken på eit språk som avgjer om det er trua eller ikkje: Det er først når born og unge ikkje lenger lærer språket, at det verkeleg er veg til å bli historie. Heller ikkje på det området er statistikken god for samisk, sjølv ikkje i Noreg.
I 2008 var det i følgje Statistisk sentralbyrå 997 elevar som hadde nordsamisk som førstespråk i den norske grunnskulen. 27 elevar hadde lulesamisk og 19 sørsamisk. Vidare var det same år høvesvis 573, 36 og 68 elevar med nord-, lule- og sørsamisk som andrespråk.
Jamt over er det først og fremst førstespråkselevar som blir funksjonelt tospråklege og oppnår ein fullgod skriftleg og munnleg kompetanse i språket. Skuletala er låge. Dei er ikkje høge nok til å halda oppe det noverande talet på samisktalande. Sjølv om det er stor usikkerheit om det faktiske talet på samisktalande i Noreg, kan ein rekna med at ca. 15.000 snakkar nordsamisk som morsmål og at lulesamisk og sørsamisk har rundt 300 morsmålstalarar kvar.
Det finst samtidig truleg minst like mange som reknar seg som samar utan at dei meistrar eit av språka.
Ikkje berekraftig rekruttering
At skuletala i forhold til dette ikkje er berekraftige, forstår vi når vi samanliknar med norsk der vi veit at ca. 13% av befolkninga heile tida er elevar i grunnskulen, altså eit forholdstal på 1:7,7.
Dersom vi gangar tala på samiske førstespråkselevar med dette, er dei nok til å halda oppe populasjonar på høvesvis 7.677 (nordsamisk; 997 x 7,7), 208 (lulesamisk; 27 x 7,7) og 146 (sørsamisk; 19 x 7,7). Slår vi saman første- og andrespråk får vi litt betre tal: 12.089 (nordsamisk), 485 (lulesamisk) og 670 (sørsamisk). Same kva vi vel, ser vi at tala for nordsamisk ikkje gir berekraft. Faktisk er både sør- og lulesamisk betre stilt enn nordsamisk etter desse spekulasjonane, men her er tala uansett så låge at dei må reknast som høgst usikre.
Kvart einaste barn er viktig!
Det vi i alle tilfelle kan fastslå etter denne talknusinga, er at kvar einaste elev som får opplæring i eit samisk språk, er viktig for vidareføringa av dei. Det skal ikkje så mange til før det gir utslag på statistikken og berekrafta!
Det å få opp talet på elevar med samiskopplæring, fortrinnsvis førstespråk, er difor særs viktig. Men det krev ekstraordinære tiltak. Det må jobbast på mange plan, både med offentleg tilretteleggjing og med haldningsarbeid. Både samar og majoritetsbefolkninga må sjå og føla verdien av at samisk språk blir vidareført.
Generell synleggjering har då ei viktig symbolsk tyding. Fleire samiskspråklege barnehagar og skuleklassar må følgjast opp med styrking av pedagogisk kompetanse: Samiske foreldre bør ikkje kjenna at dei gir slepp på eit godt pedagogisk tilbod ved å setja borna sine til å læra samisk.
Utanfor kjerneområda
Det ligg ei særleg utfordring for arbeidet med samisk språk i at mange samar no bur utanfor det dei fleste oppfattar som det samiske kjerneområdet, då gjerne i meir folketette strøk der dei utgjer ein brøkdel av den øvrige befolkninga.
Her ligg samtidig det største potensialet for rekruttering av fleire unge talarar av samisk. Det er difor heilt på sin plass med ein særleg innsats i nettopp desse områda.