(Nordnorsk debatt)

Handelsmønsteret er gamalt. Russarane fekk fiske utanfor Finnmark, nordlendingane fekk korn, trelast og tekstilar tilbake. Finnmark hadde det aldri betre enn når denne handelen gjekk som best. Då Sovjet stoppa det heile rundt 1925 var det først og fremt eit tilbakeslag for Finnmark. 1930-åra vart ei samanhengande krise med fleire fiskarar, lite fiske og prisfall.

Etter krigen vart kysten i nord, som i politisk nytale no blir kalla for «havrommet», bygd opp med Marshallhjelp, trålfiske og filetindustri. Pluss jakt på det som PST no omtaler som «antistatlege haldninger», men som vi då kalla «kommunistjakt». Og som Lund-kommisjonen seinare tok eit sviande oppgjer med. Resultatet var det norske demokratiet til lite ære.

Men det var tross alt lov til å snakke med naboen i aust, også på høgre nivå, Formelt og uformelt. Begge land frykta for ei ressurskrise for fisken i Barentshavet. Vi deltok også på FN sine havrettsforhandlingar om ei ny fiskeriforvaltning der kyststatene skulle overta ansvaret for dette mot å få eksklusive rettar til fisk, olje og gass innanfor ei 200-mils økonomisk sone. Noreg og Sovjet såg dette som ein ny og kanskje siste sjanse. Mange land gjorde det same. Vår russlandsavtale er slett ikkje unik.

Det som derimot er unikt er at samarbeidet starta på tvers av den kalde krigens jernteppe, og at det gav så godt resultat. Over same lest har Noreg fiskeriavtaler med fleire land, også med EU. Her har ikkje samarbeidet vore like godt. I fjor demonstrerte EU med å starte piratfiske i Svalbard-sona og tildelt seg sjølv ein kvote for dette.

Samarbeidet i fiskerikommisjonen omfattar i dag havforskning, forskningtokt, inspeksjonar, fastsetjing og fordeling av kvoter, reglar for bruk av reiskap og andre tekniske reguleringar. Torskekvoten blir fordelt likt, men kan bytast bort mot andre fiskeslag. Det ligg også fast at dei to landa kan fiske i naboen sine soner. Sidan den store torsken i hovudsak står i vest er det Russland som tener på dette, men uttak av stor fisk er også god ressurspolitikk for vern av småfisken i russisk sone. Dersom torsken på grunn av klimaskifte om 20-30 år går inn i russisk sone, kan den norske flåten fylgje etter, Utan ein fiskeriavtale har vi ingen garanti for dette.

Handel med fisk er ikkje tema for fiskerikommisjonen. Når vi likevel kan samanlikne dagens norsk-russisk fiskerisamarbeid med pomorhandelen sitt samarbeid om fiske og varehandel, må vi tilbake til jernteppets fall i 1990. Russiske trålarar stod i kø for å levere torsk til norsk fiskeindustri som meir enn gjerne ville kjøpe. Kravet om frislepp kom i samband med EØS-avtalen og kanskje EU-medlemsskap. Sjøgrenselova snudde 180 grader til full liberalisering. «Russetorsken» heldt fiskeindustrien flytande i mange år. Desse åra tok den subsidierte norske trålarflåten til å lure seg unna leveringsplikta. Alt handla om liberalisering.

Etter kvart gjorde russetrålarene som dei norske: leverte fryst fisk til lager i Nord-Noreg. Fangstane blir omsett globalt til dei som betaler best. Eit lite unntak er russiske båtar som dei siste åra landar mindre kvantum av filet og sløyd fisk til norsk sjømatindustri. Om russiske fiskebåtar no blir nekta hamn i Noreg, blir tapet tyngst for verftsindustrien og dei som leverer varer og tenester til denne flåten, for eksempel i Båtsfjord og Kirkenes.

Etter 50 år er der uråd å tenkje seg korleis fisket i Barentshavet, og næringslivet langs heile kysten, hadde vore utan fiskeriavtalen. Men frå andre havområde veit vi at når samarbeid raknar, går det ut over fisken: Autonome kvotar, utglidning på alle område, prøver den eine seg, tek den andre etter, inspeksjonar på feltet med maktbruk som eskalerar til lokal fiskekrig. Det skjer i EU-havet, i Sør-Kinahavet og utanfor Afrika. Men ikkje i Barentshavet dei siste 50 åra. Eit år eller to utan avtale kan kanskje tålast. Forskarane kan diskutere via jukselappar så lenge Russland er utvist frå ICES. Kanskje kan forhandlarane snakke saman i nokre år før kontakten blir broten. Men det går ikkje i lengda. Vi veit heller ikkje korleis Russland vil reagere om Noreg seier takk for seg. Kan svaret bli å sei opp avtalen om delelinja, berre ti år etter at vi tok farvel med gråsona?

Så langt har regjeringa sagt at fiskerisamarbeidet med Russland må haldast utanfor nye sanksjonar. Men dei siste dagane har dette blitt litt nyansert til at «vi må drøfte dette med EU». Gjerne det, men vi bør ikkje sjå skamfulle i golvet når dette blir eit tema. Saman med Polen er vi det landet i EU/EØS som har tapt mest på sanksjonane frå 2014 og handelblokaden dei utløyste. Finnmark mista sjansen til å få ein stor nærmarknad for fiskeeksport, noko som lenge hadde vore eit sakn.

Så veit vi også at EU slit med å innføre sanksjonar mot russisk gasseksport til Europa som ikkje råkar dei sjølve for hardt. Her blir det forventa at norsk energi skal leggjast i potten, og truleg stiller vi opp. Men som suveren kyststat går det ei grense ved fiskeriavtalen. Og i motsetning til i 1994 har vi meir fisk å gje bort. For det er i Barentshavet EU har sitt best forvalta torskefiske, takka vere det norskrussiske samarbeidet.