(Nordnorsk debatt)

Du vaksne menneske med livet på stell, sjølv om du ikkje har digert hus, men kanskje eit alminneleg husbankhus frå 90-talet.

Du vaksne menneske med livet på stell, men eit litt mindre rekkehus med berre tre soverom.

Du vaksne menneske som kanskje finn livet litt tungt innimellom, men som likevel klare å betale rekningane dine, og husleiga til utleigaren i andre etasje.

Du vaksne menneske som slit skikkeleg, som slit med å bo, ete og leve… Dette er til deg og.

Felles for alle dei eg har ramsa opp her er ungar. Ungar som går på skule i Noreg fordi det er ei plikt. Ungar som stormar mot skulen for å treffe kompisane, og ungar som fnisande kikkar på andre ungar fordi den gryande forelskinga har begynt. Ungar som subbar lang vegen mot skulen, aleine fordi dei ikkje har nokon andre som vil gå saman med dei, og ungar som går heilt aleine av eiga fri vilje, fordi alternativet er så mykje verre…

Kva er det med samfunnet? Kva er det vi gjer galt? I 2022 skulle ein tru at alle vaksne menneske, dei med ungar og dei utan, har fått med seg at det ikkje lenger er tøft å mobbe! Det er ikkje tøft lenger, det er ei skam å mobbe, og det er berre mobbaren som drit seg ut! Men likevel, i 2022, er det ungar og foreldre som gret i fortviling fordi nokon hylar «DITT JÆVLA STYGGE FITTETRYNE!» etter 12-åringen….

Når det er oftare at ungen kjem heim sint og lei seg, enn at ungen kjem heim og det ikkje har skjedd noko til ei forandring, DA er det gått for langt! For lenge sida. Men skulen ser ein anna veg – «det er ikkje mobbing på vår skule…!» eller «det kan da ikkje vere noko å ta på veg for...?», skulen er makteslaus, skulen har ikkje kompetanse og skulen manglar ressursar for å ta tak i mobbinga. Den usynlege mobbinga. Den mobbinga som stikk og stikk og stikk og stikk i små stikk i mange år, og som til slutt gjer mobbeofferet rett til «timeout» når hen blir forbanna eller lei seg! Mobbeofferet får altså lov til å gå på gangen å puste litt når sinnet tar hen. Er ikkje det ein forbanna menneskerett å få lov å gå vekk frå situasjonen som gjer deg sint? Er det ikkje ein jævla menneskerett å få lov å puste??

Så har altså skulen gjort sitt. Dei har gjort tiltak, slike tiltak som sett mobbeofferet i ein enda vanskelegare situasjon. Fordi tiltaka gjer deg så synleg! Det blir så fordømt openlyst at du er offeret, og du får spesialbehandling! Kanskje over tre-fire år har mobbeofferet gått på same skule, i same klasse med dei same ungane som mobbar. Dei små små stikka som etter kvart blir så store at begeret og elva og floda til slutt renn over. Ungen på 12 vil ikkje meir. Ungen vil ikkje gå på skulen. Ungen har panikkanfall, angst, sinneanfall, depresjon og ingen i heile verda hen stoler på, på skulen. Eller på skulevegen. Ungen er kvalm, lei seg, sint og fortvila, og kva skal ein vaksen da gjere?

Så du vaksne som kjente deg igjen i starten her… Kva ville DU gjort? Ville DU lært ungen din at det finnest menneska her i verda som ikkje har villa på toppen av åsen, men som faktisk har same menneskeverd som deg? Ville DU lært ungen din at det ikkje er greitt å skrike etter nokon «DU HAR FAEN IKKJE EIN GONG EIT ORDENTLEG HUS Å BU I!!» ? Ville du sagt til ungen din at det er heilt greitt om nokon brukar ein sykkel ein sesong for lenge, det sparar jo miljøet! Eller at om sykkelen er brukt, så er det jo enda betre, da får han jo eit lengre liv, og det er jo i alle fall eit godt klimatiltak! Det er ikkje korkje skammeleg eller idiotisk å sykle på ein brukt sykkel, for fanden!! Det er kult! Sei det til ungen din! Ta ansvar, vær ein god vaksen, eit godt menneske, og lær ungen din om menneskeverd, om verdiar og om å være eit bra menneske. For «in the end» er det jo det vil vil…? Sant? Vi vil forlate jorda når den tid kjem og vite at vi har satt gode avtrykk etter oss, ikkje at vi har tråkka folk ned i gjørma berre for at dei er litt rundare i kantane enn oss… Vi vil det, ikkje sant?

Eg vil det. Eg har forsøkt å lære ungane mine god, gamaldags folkeskikk. Eg har forsøkt å lære dei om dei verdiane som betyr noko. Eg har garantert feila mange gong, eg er ikkje perfekt. Eg har ikkje vokse opp i villastrøk, eg har ikkje fått det siste i motekleda, eller teknologi. Eg var aldri best i sport. Eg var jævleg elendig i innebandy for eksempel. Og middelmåtig i handball, som jo trass alt var min sport. Og eg ønskjer meg vaksne ungar som er gode menneske. Som dreg deg opp om du ramlar i eit høl, og som snakkar pent og respektfullt til kassadama på Rema1000. Sånne ungar vil eg ha! Eg vil ikkje ha ungar som plagar andre ungar med at skoa er feile, ranselen har feil merke, hårsveisen ikkje er som dei andre sin eller at ein bur i feil hus. For da skyt eg meg sjølv i foten. Og du som har livet på stell og alt er perfekt, du blir å få det tungt når fasaden ikkje held lengre, for ein fasade kan ikkje vare evig. Ingen er ufeilbare, og det vil jo komme til å visast ein dag. Ein vakker dag har ungen din gjort noko som skyt far sin i foten, og da blir det tungt å holde maska.

Eg har inntrykk av at i enkelte kretsar er det ikkje så frykteleg nøye dette med at alle menneska er like mykje verd. Ungen din er stygg i kjeften for eksempel, kven i alle dagar har lært ein 12-åring å hyle «fittetryne» etter andre? Og kva sei du til ungen din når du får høyre at hen har gjort det? Skikkelege konsekvensar får det jo ikkje, om ungen fortsett i tre-fire år… Det er berre å vere ærleg her, det du sei til ungen din verkar ikkje i det heile tatt! Du må finne på noko nytt no, noko som får den fandens plageånda til å slutte! Og den ungen som plager andre for at dei bur i eit hus som ikkje er så prangande og flott som det burde vere… Kva i alle dagar? Kven har lært ungen din slikt?! Eit hus nokon klarte å kjøpe da livet falt i grus, og som eigaren er så stolt over. Stolt fordi det er sitt! Det er tak over hovudet, det er hjarterom og der bur ein familie som klarar seg, som klarar livet sjølv om det er tøft! Det er godt nok hus i massevis det! Det er tusen gong betre enn praktvillaen din som du aldri klarar å betale ned før du døyr. Det er betre hus enn ditt, for der bur folk som har folkeskikk…

Og til skulen: Hadde eg kunne, så hadde eg melda dykk til politiet. For erfaringa mi sei at det ikkje er anna som verker, det er berre når saka går til fylkesmannen at det skjer noko. Det kan opprettast enkeltvedtak i hytt og pine, men ingen verdas ting skjer før skulen får ein smell. Å melde ei mobbesak i skulen til politiet er for foreldra ei vanskeleg avgjerd. Det sitt lang inne å gjere alvor av det, men når ingen ting anna verkar, kva skal ei stakkars mamma gjere? Skal ho sitte å sjå på at ungen hennar brytast ned til ein angstfylt tenåring, til ein deprimert elev på vidaregåande skule, og til sist ein vaksen med psykisk sjukdom som kunne vore stoppa? I verste fall enno verre…? Kan skulen sitte på sidelinja å vente på at det uunngåelege skal skje? Skulen sitt ansvar er å ta vare på det kjæraste vi har. I seks timar, fem dagar i uka i rundt 38 ukar i året, skal skulen passe på ungane. Gjere dei til gode ungar, til fine medmenneska. Å måtte true med å gå til politiet er faktisk heilt idiotisk. Det skal ikkje vere nødvendig. Men enkelte gong er det faktisk det einaste som hjelp. Skammeleg nok…

Så du vaksne, du som les dette, du som kjenner på sinne fordi det treff deg midt i trynet og du veit det er din unge som plagar andre ungar. Du kjenner deg igjen i teksten, og du blir irritert for at det kjem ut i offentlegheita. DU har eit ansvar! Det er DU som kan gjere noko for at andre ungar enn din eigen får det betre! Det er DU som kan løyse floka ein gong for alle, som kan sørge for at ein unge vil gå på skulen, glede seg til skulestart på ungdomsskulen og vite at plageånda kjem til å la ein vere i fred! For det er fred som betyr noko her. Dei treng ikkje vere venner, det er heilt greitt. Eg trur ikkje hen som har blitt mobba i mange år ønskjer å vere ven med plageånda, når sant skal seiast. Men å få fred frå mobbinga kan gjere kvardagen ti tusen gong betre enn han er no.

Skammeleg ja… det er vi vaksne som skal skamme oss. Vi skal ta det heile og fulle ansvaret for korleis ungane våre har det på skule og på skulevegen. For det er vaksne som er foreldre, lærarar, rektor, reinhaldarar, buss-sjåfør, vaktmeister, assistentar, medmenneske…

Ta deg saman. Gjer det, berre ta deg saman. Du veit kven du er.

  • Forfatteren er i samråd med ND-redaksjonen anonymisert