(Nordnorsk debatt)

Innlegget eg skreiv om Nordnorsk julesalme har fått ei viss merksemd. På Nordnorsk debatt sine facebooksider har i skrivande stund 300 kommentert saka. Og dei fleste har ikkje mykje godt å seie om skriveriet mitt. Det hadde eg no heller ikkje forventa – om ein kjem med kritiske tankar om songskattar av dette kaliber, er det openbert berre å søke dekning.

Også frå Maja Sojtaric har det kome motreaksjonar. Ho hevdar mellom anna at innlegget mitt var slett, at eg bedriv selektiv lesing, at eg er lite raus og at eg har tatt mastergrad og gløymt kor mine foreldre kjem frå. Noko spesielle slutningar i min øyrer, men ho held fram med å seie: «Man skal være forsiktig med å tillegge verk motiver det ikkje har.» Fiffig råd. Men kan eg forvente at Sojtaric sjølv etterlev det? For om ho tolkar meg dit, er det nett det ho gjer mot mitt «verk».

Eit poeng skal ho jamvel få: Eg tok ikkje godt nok omsyn til at Nordnorsk julesalme er eit uttrykk for ei tru. Sjølv har eg vore kristen det meste av livet og syng om Jesus både titt og ofte. Men for dei som ikkje renn ned kyrkjedøra i tide og utide, er songen på ein måte eit kjært fristed for å uttrykke trua si. Det burde eg tenkt på. Når ein tekst vert lyfta opp på salmenivå, er det sterkt. Då lyttar ein gjerne meir inderleg og ilegg verket andre kvalitetar. Men songen er samstundes ein sterk identitetsmarkør og ein røynd kulturbærar.

Eg vil presisere fylgjande: Eigentleg vil eg ikkje Nordnorsk julesalme til livs. Eg vil alldeles ikkje forby han. Eg forsøker berre å få oss som folk i nord til å tenke litt annleis om kven vi er og kven vi syng om at vi er. For ofte har vi som landsdel inntatt ei offerrolle. Øverfor myndigheiter, geistlege, politikarar og søringa flest. Eg meiner heilt oppriktig at vi for lenge har stått med hua i handa og venta på hjelp sørfra. Dét brukte eg Nordnorsk julesalme som eit springbrett for å seie noko om. Eg er ikkje krenka og heller ikkje krank i hovudet. Men eg hadde behov for å kringkaste nett det!

Dette er sjølvsagt korkje fasiten om Nord-Noreg eller Nordnorsk julesalme. Både landsdelen og songen er open for tolkingar. Men det er ein invitasjon til å reflektere over kva vi seier om oss sjølve og kven vi syng om at vi er og framleis skal vere.

Og for ordens skuld: i mi opprinnelege tekst var overskrifta annleis; eg hadde formulert ho som eit spørsmål (Bør vi slutte... ?). Debattavdelinga i Nordlys endra ho til «Vi burde slutte..!». Truleg for dramatisk effekt. Og dét har dei hatt lukke med!

Til slutt vil eg ynskje god jul til kvar og ein! Vil du synge Nordnorsk julesalme ekstra høgt i år, skal du berre gjere det. Men gløym ikkje å ta av hua fyrst!

Framleis med glimt i auget,

Tore André Gurandsrud.