Gå til sidens hovedinnhold

Viktig innsyn

Artikkelen er over 11 år gammel

Det ein eg-roman som ope og ærleg fortel om kor vanskeleg morsrolla kan vere.

”Eg er mamma. Eg skal vere god” har Kjersti Kollbotn kalla debut-romanen sin. Tittelen introduserer konflikten i romanen; forventningane til og kravet om å vere ei god mor. Hovudpersonen er ei ingeniørutdanna kvinne i 30åra, med ansvarsfull jobb som leiar for store vegprosjekt og med eineansvar for to ungar på 3 og 6 år. Tove er tilsynelatande ei sterk kvinne, som er van til å bestemme over menn, både på arbeid og når ho treng ein sexpartnar. Men når ho er heime, er ho bunden i morsrolla – som ho taklar og taklar ikkje.

Romanen handlar stort sett om Tove og ungane. Barnefaren er fråverande, og besteforeldra er døde eller langt borte. Jobbsamanhengen og forholdet til menn visar kor sterk ho kan vere, og fungerer nærmast som ein kontrast til familielivet.

Tove slit med store humørsvingingar, som går ut over ungane. Noen dagar har dei det fint, andre dagar går det meste galt. Ho kallar ungane S og L, kanskje står det for Søster og Lillebror. Om det er eit forsøk på allmenngjering eller anonymisering, er vanskeleg å seie.

Noen scener er komiske, som da ho hamlar opp med vektaren på Nerstranda etter at ungane har velta eit leikestativ, mens ho var ute og røykte. Men dei fleste episodane er vanskelege. Som da ho serverer saft i bursdagen når alle ungane ventar på brus, eller når dei i ivrig julefeiring gjer seg ferdig med det heile før julekvelden.

Det ein eg-roman som ope og ærleg fortel om kor vanskeleg morsrolla kan vere. Kontrasten er stor mellom dei ideelle fordringane ho stiller seg sjølv og verstefallstenkinga . Tove’s eigne refleksjonar følgjer hendingane. Forfattaren inviterer her lesaren til å tenkje over problemstillingar som romanen tek opp. Ikkje bare ansvaret, det innestengde og kjensla av å mislukkast, men også den makta foreldre har over barn – og som kan misbrukast.

Kjersti Kollbotn skriv godt. Språket er visuelt og presist, slik at vi lett ser for oss alle episodane som speler seg ut. Handlinga er lagt til dagens Tromsø, og miljøskildringa er så konkrete at vi kan følgje personane rundt i byen. Boka er viktig fordi den på ein truverdig måte gir innsyn i privatsfæren og oppvekstvilkår til barn – som vi helst ikkje vil sjå.