Vakre prosadikt

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

Det er ei vakker samling prosadikt Anita Arildsdatter Pedersen har gitt ut.

DEL

Ho debuterte med romanen Max i 1997, og har vore elev ved forfattarstudiet i Tromsø. I dag bur ho i Sandnes i Rogaland, men ho kjem frå Tysfjord i Nordland.

Prosadikta fortel om korleis oppveksten pregar eit menneske, kva det vil seie å rive seg laus og likevel ta med seg røtene, korleis personlegdomen utviklar seg i høve til det som har vore og det som kjem.

Samlinga er delt i fire delar: Først kjem augneblinksskildringar frå barndomen, så prøver ho å finne seg sjølv igjen i oppvekstmiljøet, deretter skildrar ho saknet av mora og kva mora har betydd for ho og i siste del slipp barndomen taket og røtene blir ein del av personlegdomen.

Prosadikta hennes er fulle av presise observasjonar, skildringar som fortel om nærleik til opplevingane. «Fiskestykka er kvite og sprellferske, losnar frå skinn og bein. Bestefar ber fatet, sett det på steinhella framfor trappa, samlar dyra med røysta, stryk ryggene med varsam hand. Bakom nautveggen hakkar måsane ut auga av skolen.»

Etter kvart blir bileta meir abstrakte og symbolmetta:

«Forsøka på å dra linjer, sjølv om eg går i sirklar når eg ser meg attende, forsøka på å finne det som ikkje finst. Eg bøyer meg over ripa, ser solglimta i vassflata før blikket bryt gjennom og følgjer sandbotn mot den mørke randa».

Forholdet til mora har både fått eit eige kapittel og bildet på omslaget, plaststolen til mora ved kjøkenbordet. «Spora. Eit utvaska plagg over ein stolrygg, tørr kaffi i botnen av koppen på kjøkkenbordet, stolen snudd litt mot vindauget, mot utsikta hennar, mot dei brune markene og fjorden. Eit mjukt avtrykk i det lyseblå, polstra plasttrekket, så vidt synleg.»

Eg synes ho endar med einslags harmonisk opning mot framtida: «Ein rest av dagane ligg att, i dette skeive huset, bland desse skeive husa, der ein tjeld sit på ein stein i støa ein regntung morgon, spør: kan ein forlate barnet utan å verte annleis, kan ein verte annleis utan å miste noko, kan ein miste noko utan å gå vidare.»

Samlinga er djupt personleg, og samtidig er den ikkje privat. Ho fangar inn noko allment i prosadikta, og dei fleste av oss finn gjenklang i desse tekstane.

Tittelen kan verke framand, men fortel samtidig om tilfeldige og universelle samanhenger.

Det er prosadikt som er gode å lese; glede seg over språklege bilde, kjenne igjen augneblink og skildringar og reflektere over eigne opplevingar og oppbrot.

Artikkeltags