Vakre og mollstemte dikt

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

Korte, vare og mollstemte dikt skriv Hanne Aga i den nye diktsamlinga.

DEL

Titteldiktet samlar noko av tematikken: «Som om ein ny dag/skal komme// Landskapa flyt forbi/ og berre er// Var det mitt bål som flamma så høgt».

Det er ofte natt i dikta, og eg'et opplever natta både positivt og negativt. Hanna Aga snakkar i fleire dikt om natta sitt lys, og elden uttrykkjer kraft og styrke. Samstundes knyttes natta til døden, som ikkje vert skildra med angst, men med undring. «Der eg går// slik eg vil// Nærare// I søvnen lyttar eg til døden». Og i neste diktet: «Natta/ Med sin gode vilje// Det mjuke rundt meg/Vengene som lyftar hjertet».

Diktsamlinga uttrykkjer eit forhold til døden, som fasinerer og forundrar. «Den rolege dagen/utan nattetvil/berre den lette skodda/ og det raude lyset frå i går// Kven skal vi vere saman med når vi døyr// Dei som vi har kviskra namnet på». Aga gir på ei vis døden nytt liv, også når ho skildrar han «som om ein ny dag skal komme». Her er ingen religiøse overtonar, bare ei slags mollstemt forventning.

Dikta handlar om eit einsamt «eg», sjølv om her er eit vagt forhold til ein «du». Allereie i første diktet er det snakk om eit forhold mellom to: «Eg ville låne deg livet mitt// Slik sov eg til himmelen begynte å snakke». Og seinare: «Du finst/ som tyngda/kvitt dansar du rundt meg/ Ingen sorg ingen tale/ mellom oss». Det verkar som om kjærleiksforholdet nærast er over, og diktaren konsentrerer seg om det skjøre forholdet mellom liv og død.

Slik blir diktsamlinga vemodig. Den er ikkje oppskakande eller trist, fordi bilda er vare og forma på dikta er harmonisk. Og her er også vakre bilde om glede: «Kvifor sola veks i hendene mine/ Kvifor andletet mitt vinkar// Fivreldet skjelv i den lette gleda».

Diktsamlinga er heilskapt i forhold til den tematikken Hanne Aga utforskar. Her er undring og opning for at lesaren kan la dikta utfordre eigne tankar.

Artikkeltags