Stilsikkert om hjelpelause opprør

Av
Artikkelen er over 8 år gammel

Ingen av hovudpersonane i novellesamlinga kjenner seg eigentleg heime i sitt eige liv.

DEL

Derfor gjer dei eit slags hjelpelaust opprør i situasjonen, dei prøver å hemne seg på omgjevnaden.

Familiefaren som kjenner seg tvangsfora, overdriv etinga. Jenta som drog frå heimen for 20 år sidan, drøymer seg tilbake kvar natt for å jage broren. Jenta som er redd for å bli gravid, oppsøker ein invalid. Kjærasten som lar småbarnsmora blir livredd, utan å hjelpe henne. Kvinna som riv seg laus frå kjærasten på ferie. Bestefaren som øydelegg bilen for at sonen ikkje skal få den.

Novella «Det er ikkje så greitt» skil seg noe frå dei andre. Familiefaren som går på fest aleine, drikk og heng seg på ei ungjente. Her er «dialogen» mellom dei to mannens monolog. Situasjonen er godt skildra, og forfattaren brukar ei teknikk som minner mykje om Jon Fosse. Ein teknikk som passar bra, verkar både visuell, humoristisk og overtydande.

Sigrid Merethe Hanssen er ein svært stilsikker språkkunstnar. Sidan dei fleste novellene har eit «eg» som formidlar og hovudperson, følgjer forfattaren tanke- og talestraumen til hovudpersonane sine. Gjennom fast synsvinkel og mykje monolog fortel dei sin versjon av røynda, og samstundes får lesaren møte personar som er einsame og kommuniserer dårlig. Her er meir skildring og personane blir tydelegare enn i debutboka hennes.

Novellesamlinga er nok mollstemt, men samtidig gjennomsyra av ein lun humor. For desse personane vi møter, gjer så mykje rart, uventa og ganske absurd. Novellene skapar spenning og forventning om kva hovudpersonane skal finne på. Samtidig speler novellene på fleire plan. Vi får ikkje vete så mykje om årsaka til hendinga eller konsekvensen av handlinga. Vi kan dikte inn litt sjølve. Novellene er opne.

Eg les novellesamlinga til Sigrid Merethe Hanssen med glede, fordi ho skriv så godt og novellene er både artige og triste.

Artikkeltags