Terningkast 3: Problematisk sjangermiks

Foto:

Av
Artikkelen er over 12 år gammel

Hovudpersonen i Tore Elias Hoels nye ungdomsroman er i ferd med å avslutte ungdomsskolen.

DEL

Albert blir mobba fordi han er liten av vekst og fordi han er farlaus. Sjølv veit han bare at faren var god å male. For å sleppe unna mobbarane fortel han at faren har utstilling i Paris. Når mora også innbiller sonen at faren har utstilling i Paris, får han bestevenen med seg og drar til Paris – for å finne faren.

Mye skjer i Paris, heilt realistiske hendingar og høyst eventyrlige opplevingar side om side. Albert trur han har funne farens utstilling, og tolkar seg sjølv inn i alle bileta. Sjølvbilete veks, og forfattaren lar han vekse heilt konkret. Albert sprenger kleda, bli vaksen og får stemmeskifte i løpet av døgnet i Paris. Han rekk heim til eksamensfesten, og blir midtpunkt – får nesten ein slags heltestatus.

Samanstillinga av det realistiske og det eventyrlege er ikkje uproblematisk i ungdomsromanen til Tore Elias Hoel. Han tar opp aktuelle og sårbare tema som gjeld mange barn og ungdommar – og så løyser han problema med eit innslag av eventyrsjangeren.. Hovudpersonen kommenterer det slik: «Alle kvite og svarte løgner blir til gåter og leier på lange krokete avvegar – hit og dit, opp og ned, til sentrum her i byen og til Paris og enda lenger¿¿. Alle desse kvite og svarte løgnene kan ikkje skade likevel. For sjølv lange, krokete avveger leier til sist fram. Dei gjør det.» (s. 146). Sidan forfattaren held fast ved den realistiske og etiske ramma, blir eventyrinnslaget ein slags flukt og opnar ikkje for løysing på verken mobbe- eller farlausproblemet. Dersom vi opplever kunstopplevinga i Paris som ein måte å gjere seg ferdig med saknet av faren, og at han veks på den erkjenninga – blir det likevel for lettvint. Og til liten trøyst for lesarar som kjenner seg igjen i Albert.

Tore Elias Hoel skriv ein munnleg og lett nynorsk; dialektprega – og med bokmålsord, som skjemmer nynorsken. Han bruker noen få franske uttrykk, og dessverre er det mest brukte feil. Slikt skjemmer romanen. Opplegget til romanen er godt, og Paris-turen ein artig og spennande idé. Men gjennomføringa blir ikkje god nok.

Artikkeltags