Kunst og brukspoesi

Av
Artikkelen er over 7 år gammel

Endelig kom ei ny diktsamlinga frå Helge Stangnes.

DEL

Dei tre første diktbøkene hans hadde eit opplag på 27000 eksemplar, så vi er mange som synes det har gått lang tid sidan 2003. Men vi blir ikkje skuffa.

Vintersang er ei meir personleg diktbok enn dei tidligare. Det er ein moden mann som reflekterer over livet, naturen og si eiga dikting. Han har tileigna samlinga til kona, og i titteldiktet som opnar boka, priser han naturen som er evig, mens han ” Våk, våk gamle mann,/ Du må teksten skrive./ Dagan flyg så fort førbi,/ du har fått di knappe tid./ Endå eig du livet.”

Boka er delt inn i 5 bolkar. I dei to første skildrar han forholdet til naturen og kystkulturen i nord, og viser korleis diktinga både spring ut frå og bruker denne røynda. Respekten for naturen gjer seg religiøse uttrykk, som i Rypespor:”?/Langs dagens reine alterduk/ står kniplingsverk / fra siste natt.//..Eg står i andakt når eg ser/ ditt spor i tidlig morrastund/..”

Dikta uttrykker engasjement mot krig og miljøvandalisme, og er gjennomsyra av eit humanistisk livssyn. I Tid til å vente skriv han om vårt forhold til jorda: ”..Så skapte vi grensa, så skapte vi kvalm,/ så skjenda vi kloden med bly og napalm,//..Vi arva en klode, men pinte den ut/ på jakt etter snarkjøpt gevinst,..”

Vintersang inneheld dikt og viser, og i diktet Folketone plasserer Stangnes diktinga si i folkevisetradisjonen. Han bruker treskjæring som eit bilde, på korleis dikta hans blir til, og han målber kultur i diktet Grevet på Kvalnes : ”../Det hadde sett sine beste daga/ og hadde utført sin arbeidsplikt,/ men grevet bar på en kverdagssaga/ som nærmast bad om å bli et dikt://..”

Her er mykje humor i Vintersang, minst to bolkar med god sans for ordspill og komiske situasjonar. Når ”Et nestenførlis” blir tonesett, må den bli like populær som Hortensia. Han har dessuten eit eige dikt til Boknakaran. Eit døme på kvardagshumoren kan vere Estetikk, om stilsansen til han Nils notbas, som ” ?bløs i barten av all belæring,/ førr han e sikker, og vel så det:/ - en lasta båt og ei bantjukk kjerring,/ det e det finaste eg kan se!”

I siste bolk samlar han humor og det personlige og nære. Her er episke dikt som fortel historie, til dømes Kjerkehelg som nesten er for ei novelle å rekne. Han antyder eit heilt liv gjennom diktet. Vakre dikt til Far min og Havsalme avsluttar samlinga.

Helge Stangnes er ein språkkunstnar som maktar å gi oss nye bilde og meiningsfullt innhald i stram bunden form. Normalisert Senjamål, rim og rytme gjer det enkelt å lese og bruke dikta. Han skildre naturen nært og ekte, ofte blir besjela natur en allegori på menneskelivet. Ein kan gjerne seie at han formidlar landsdelen vår på ein måte som også gjer lesaren stolt.

Det er ei dikt- og visebok å bli glad i. Det er kunst og det er brukspoesi av beste merke.

Artikkeltags