Terningkast 6: Hjertevarm og fengslande

Av
Artikkelen er over 13 år gammel

Dette er ein varm og underhaldande roman, som fengsla meg gjennom alle dei 600 sidene. Anna Gavalda er ei fransk forfattar som debuterte i 1999, og allereie har fått oversett tre av bøkene sine til norsk.

DEL

Saman er ein mindre åleine handlar om fire menneske som på forunderleg vis finn saman og tek vare på kvarandre. Når vi møter dei, lever dei alle aleine og marginalt i det franske samfunnet og i Paris. Camille er ei utmagra og forfrosen reingjeringshjelp. Philibert har adeleg namn og stor bustad nær Eiffeltårnet, men livnærer seg med å selje postkort på gata. Franck elskar å køyre store motorsyklar og forføre damer, når han ikkje jobbar som kokk. Paulette, bestemora til Franck, kjemper for eige liv i eigen heim, men må til slutt på pleieheim.

Bustaden til Philibert blir møteplass og etter kvart ein heim for dei tre rotlause ungdomane og den einsame eldre dama. Her utspilles dramatiske og komiske scener, når tøffe fasadar og skrøpelige forsvarsmekanismar sprekker. Tilsynelatande kjem dei frå «kvar sin planet» og manglar eit felles sosialt mønster å redde seg inn i. Dermed blir tilvendingane både overraskande, fortvilande og humoristiske, og dei skaper spenning i historia. Etter kvart som skalet skrelles av og dei kjenner seg trygge på kvarandre, blir vi kjende med fire eiegode personar. Dei er menneske med kvalitetar og verdiar som er mangelvare i det materialistiske og strømlinjeforma samfunnet vårt.

Historia er levande fortalt og blir aldri kjedelig, fordi framstillinga varierer heile tida mellom scener, replikkveksling, observasjonar og refleksjon. Forfattaren skaper forventning og spenning, for ho let personane fortelje lite om fortida og såleis gjer både sambuarane og lesaren nysgjerrig. Språket er lett, anten det skyldes den franske språkføringa til Anna Gavalda eller oversettinga til Tove Bakke. Dersom eg skulle innvende noko mot framstillinga, måtte det vere nokre få forfattarkommentarar som eg opplever unødvendig og litt påklistra.

Romanen er både underhaldande og tankevekkande. På ei vis er det ein generasjonsroman, der foreldregenerasjonen har svikta og er fråverande. Bestemora som redda Franck gjennom ein turbulent oppvekst, blir alles beste mor. Omtanken og kjærleiken mellom dei to generasjonane er hjertelig og rørande. Saman blir dei ikkje bare mindre aleine, men dei blir trygge og ressurssterke – og utfaldar talentane sine i full mon. Anna Gavaldas roman er ikkje samfunnskritisk i tradisjonell forstand, men det kollektivet ho skaper, fullt av kreativitet, overskot og varme, blir eit alternativ og eit apropos til ei meir ekskluderande samfunnsutvikling.

Eg har mollkosa meg med denne romanen, som eg trygt kan anbefale til alle som liker å lese.

Artikkeltags