Terningkast 3: Enkel novelle

Av
Artikkelen er over 13 år gammel

Åsmund Forfang har skrive både novellesamlingar og romanar; men det er fyrste gongen han lar heile boka vere ei einaste lang novelle.

DEL

Handlinga er lagt til redaksjonen i ei småbyavis. Dit kjem ein ung journalist som er dyktig, og som stiller krav til både seg sjølv og dei andre i redaksjonen. Kollegaene prøver å gjøre han ufarleg med latterliggjøring og jantelov. Mens redaktøren meiner han har skote gullfuglen og skryt han oppi skyene. Begge deler verkar like dårleg på den unge mannen. Han blir sur av ros og bryr seg lite om janteloven. Samtidig er han ingen revolverjournalist, snarare beskjeden og på søk etter det som skjuler seg bak fasadane i portrettintervjua – sanninga.

Etter kvart endrar dei andre haldning til nykommaren. Han involverer kollegaene i spennande avisprosjekt, som tar opp økonomisk kriminalitet, kritiserer maktstrukturen i småbyen – og utviklar den kritiske journalistikken i avisa. Novella endar i ei kjærleikshistorie som har gitt tittelen til novella.

Novella har ein struktur og ei språkleg framstilling som minnar om eventyrsjangeren. Den unge journalisten er ein slags Oskeladd, som har flytta frå avis til avis for å bli ein betre journalist. Han har overvunne sin eigen angst i møte med intervjuobjekta, men slit med både eigne reaksjonar og motstanden han møter.

Persongalleriet er typar, som i eventyret. Hovudpersonen er «den unge mannen», andre er «den vittige tunga», «seniorjournalisten» og «produksjonsfantomet». Personane endrar noe karakter i løpet av novella, men dei held fram som typar – om enn litt mindre typiske.

Forteljaren er stort sett «vi», ein slags representant for opinionen i redaksjonen og i småbyen. Stort sett blir hendingane og personane skildra utanfrå, bare når det gjeld hovudpersonen er forteljaren delvis allvetande. Novella begynner «in medias res», men sluttar nærmast som i eventyret: «Men for mitt indre blikk står heile den tida den unge mannen var hos oss i Angerposten, som ei einaste stor lykke.»

Novella er humoristisk og typeteikninga er god. Men elles synes eg ikkje forteljinga opnar for større innsikt i mediemiljøet, eller skapar spenning og særlig uventa vendepunkt. Det er noko med framstellingsforma, avstanden mellom forteljar og hovudpersonar, som gjer at også den personlege utviklinga og kjærleikshistoria blir utvendig skildra.

Artikkeltags