Ei meir tradisjonell diktsamling

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

Dikta er meir tradisjonelle i denne samlinga enn i Anemonepust, debutsamlinga hennar.

DEL

Titteldiktet er henta frå ein del med dikt frå skolekvardagen, der eg finn dei beste dikta: konkrete, tankevekkande og humoristiske. «Dei normerte matteprøvene/avdekker svarte hol, siffer tøygde til spaghettiremser, sugne langs/spiralgangar og forsvunnen i tomrom i hjerneuniverset. Resultatet/med bistre tal på tavla. Peikefingerdirrande åtvaringa om ei/framtid som sjarkfiskar eller husmødrer.//Dei fleste trøytnar. Ser ut vindauget//Der ein oter glir gjennom grøfta på veg mot havet, og surrar seg/inn i tangen, for ikkje å bli tatt av tidevatnet når han søv.»

Irene Larsen startar med lyriske korttekstar i fyrste og andre del, og går meir over til strofeform etter kvart. Samlinga er delt i fem delar utan titlar; dikta har heller ikkje tittel. Dei har ulikt innhald. I første del observerer eit «du» tilveret i ein utkant om hausten, så kjem skoleskildringane - med titteldiktet, dinest minne om den gang det var liv i utkantane, deretter ein arkeologisk studie i diktform som gir stoff til bokas omslagsdesign – og til slutt dikt om språk og dikting.

Dikta er meir tradisjonelle i denne samlinga enn i Anemonepust, debutsamlinga hennar. I mange tekstar er diktets subjekt «du» – eit forsøk på å skape identifikasjon mellom diktar og lesar. På meg verkar det påtrengjande, det skaper avstand og det er heilt unødvendig. Lyrikk er ein subjektiv sjanger, og når dikta fungerer – gir dei oppleving. «Du flyndrer ein stein medan du fører ein tenkt samtale. Den fer i/spenstige kast, det heng bogar attende i lufta. Ei bølgje krummar/nakken, svelger steinen som ein oblat. Formasjonen du kjenner/att, og rørsla: Tanken si einsemd som veltar innover land.»

Eksemplet over viser eit anna typisk trekk i samlinga; ei besjela skildring ender med ein abstrakt kommentar – ei fortolking. Dette hadde ho mindre av i debutsamlinga, der korte og presise dikt opna for oppleving og let tolkinga til lesaren. Det fungerte betre.

Tittelen og titteldiktet skapar ei forventning om at dikta skal handle om nåtid og framtid, men dei aller fleste dikta er tilbakeskodande. «Den stadige trafikken i sundet/skinnkajakkar fylte med/skiferspyd og beinharpunar/pomorar med rug frå Arkangelsk//drivtømmer. plastkanner.luftputebåtar//vi som sleper trillekofferter i land/benker oss kring eldstaden og blir ein/storfamilie i partyteltet//dei brente steinane datert til augneblinken/holrom i knoklane fylt»

Artikkeltags