Forfattaren er Anders Aschim, som Blix sjølv teolog, bibelomsetjar og hebraisk-ekspert. Alle desse sidene – og fleire til - ved Blix' verke blir grundig dekte i boka. Det mest forvitnelege for mange lesarar er kanskje likevel den utviklingshistoria vi får del i, frå vi møter guten Elias Blix Pedersen (f. 1836) som fiskarbondeson i Gildeskål til vi tar farvel med han i gravferda i 1902.
Da er han ein feira salmediktar, bibelomsetjar professor i hebraisk og tidlegare statsråd i Sverdrup-regjeringa. Han har, kort sagt, gjort karriere. Med eit moderne ord, som også Aschim bruker, har han bak seg ei formidabel klassereise.
Trass i at det er som salmediktar at Blix har overlevd, er det – kanskje paradoksalt nok - Aschims store forteneste at salmediktaren Blix i denne biografien ikkje har fått skugge for vitskapsmannen, Bibelomsetjaren og politikaren Blix, eller for den del for målmannen Blix.
Det er ein monumentalbiografi som no er utgjeven, 600 sider alt i alt, uvanleg velskriven og velkomponert. Først og fremst er det personen Elias Blix Aschim skriv om. Men boka er mykje meir enn ei forteljing om eit livsløp. 1800-talets politiske historie får ein framskoten plass, sjølvsagt fordi Elias Blix også spelte ei politisk rolle. Men her er ikkje berre politisk historie; boka gjev innsikt i språk- og kulturhistorie i det aktuelle tidsrommet, i sosialhistorie, i skole-, utdannings- og universitetshistorie og sjølvsagt òg for ein del i kyrkjehistorie.
Ei kort bokmelding kan på ingen måte gjere boka eller forfattaren rett. Fordi Elias Blix Ein betre vår ein gong var ei så lystfylt lesaroppleving for meg, kan eg ikkje rå andre til å lese boka på ein meir overtydande måte enn ved å ønskje meg fleire bøker frå Anders Aschims hand.
Om det er tillate å sende inn ei bestilling i ei bokmelding, har eg lyst å nemne at det samla nordnorske intellektuelle utflyttarmiljøet til Christiania i Blix' samtid kunne fortene ein kollektivbiografi, t.d. med arbeidstittel: Nordnorsk hjerneflukt til Christiania!