...
Sondre demonterte batteriet for å komme til siste lunteresten. Dermed gjekk det gale. Foto: Ole Johannes Øvretveit, Firda/ANB

Vernebrillene redda synet

Førde (ANB): Rakettbatteriet gjekk av i fjeset på Sondre Aasgard (19).

Publisert 02.01.2013 kl 11:04 Oppdatert 02.01.2013 kl 11:04

Tips en venn på e-post:

[Firda] Kinnet er pepra med metallsplintar, men eit par gratis vernebriller redda i alle fall auget.

– Då vi kom til det siste batteriet gjekk det gale, seier Sondre Zuliani Aasgard til Firda.

Sondre feira nyårskveld saman med familien på Langenes nær Guddalen i Sogn og Fjordane. Etter fjøsstell, pinnekjøt og kosekveld var det klart for rakettoppskyting. Familien hadde kjøpt inn fyrverkeri for 2.300 kroner. Tre rakettbatteri gjekk i lufta etter oppskrifta, men då Sondre skulle fyre opp det siste, starta problema.


Lunta var våt

– Det høljeregna, og vinden kom i harde kast. Eg hadde fyrstikker, men dei blotna opp og vart ubrukelege. Ein tenn-pinne som følgde med eit av batteria, likeeins. Så det vart lighter, fortel Sondre. Då han skulle fyre opp det fjerde og siste batteriet var lunta blitt våt.

– Eg fyrte på, og lunta fata, men så slokna det. Vi hadde ei lykt med oss, og etter ei stund sjekka vi, og ganske rett, det var berre brent halvvegs inn på lunta. Vi tente på ein gong til, men så slokna lunta att. No demonterte vi batteriet på sida for å sjå om det var nok lunte att til å tenne på, og det meinte vi det var. Så tente vi på ein gong til, men det tok ikkje fyr – trudde vi.


Rett i andletet

For brått gjekk det første skotet i batteriet av – rett i andletet på Sondre.

– Eg såg det small rett i han, og så kasta han seg sidevegs og vekk, fortel mor hans, Fiorella Aasgard, til Firda.

Skotet streifa handa hans og gjekk så vidare rett i andletet - og vernebrillene.

– Det svei kraftig både her og der, men då eg kom meg til att, fann eg vernebrillene, som var klovna i fleire delar, fortel Sondre.

Brillene er knust rett framfor hans venstre auge. Metallsplintar i kinnet fortel kva skjebne auget hans kunne lidd, om ikkje brillene hadde teke av for støyten. Metallsplintar sat det også i handbaken, og i går ettermiddag var han på legevakta i Førde der splintane blei fjerna.


– No er det slutt

– Det fortel no berre kor viktig det er å bruke vernebriller, seier Sondre til Firda.

– Det fortel no og kor farleg det er med fyrverkeri, repliserer mor hans:

– No er det slutt på det der. Ein ting er pengane som går med tildette, men når liv og helse begynner å stå på spel, då får det være slutt, seier ho.

(ANB)

På forsiden nå


Kjell Kristian (20) kolliderte med rype: - Det var som å bli slått i ansiktet

Kjørte skuter i 60 kilometer i timen da rypa traff.

...

Nå blir det storm i hele Nord-Norge

...i tillegg til mye nedbør og mildvær.

Se hvordan de unngår å gå ut med søpla

- Et tips er å ha en tung nok søppelpose.