Fjærland (ANB): Knut P. Bøyum i Fjærland nektar å betale fartsbot på bokmål.
I sommar fekk han si første fartsbot. Etter 25 år som trafikant. Men då førelegget kom i posten, var det skrive på bokmål.
– Då var det ikkje nokon hugnad lenger, seier ein djupt vonbroten nynorskfanatikar i Fjærland til Firda.
10. juli var han på Vikingrock i Gudvangen. På veg heime att har han trakka litt hardt på gasspedalen, truleg oppglødd av god vikingrock, forklarar han. I alle fall må han ha køyrt i 90 kilometer i timen i 80-sona i den automatiske trafikkontrollen, utan å registrere noko blitzlys.
Knapt ein månads tid etter fekk han varsel om at han var teken i kontroll.
– Når du etter 25 år endeleg får ei trafikkbot og melding om at du vil få tilsendt eit forenkla førelegg, så stig forventningane. Så eg gjekk der og venta på postdama. Men då eg opna konvolutten med bankande hjarte og skjelvande hender, står det bokmålsord som «overtredelse, siktede, kjørt, ilegges og forenklet forelegg».
– Magien var borte og heile høgtida øydelagd, seier Bøyum som vart ilagd ei bot på 1600 kroner, subsidiært tre dagars fengsel.
Betalte Bøyum forelegget eller ikke? Les resten av saken her
Kalenderen fra Motorkalenderen | ||
Finn ut når du kan kjøre bil. Her kan du finne ut når du kan kjøre bil etter du har drukket alkohol.
Test deg selv!