Fantasifull og vakker barnebok

Etter to novellesamlingar som ho fekk Blix-prisen og Sigmund Skard- stipend for, har Sigrid Merethe Hanssen i år skrive ei barnebok.

Publisert 02.12.2011 kl 16:39 Oppdatert 02.12.2011 kl 16:39

Tips en venn på e-post:

...

Sigrid Merethe Hanssen

  • Detektiv SMARTBART og sabotasjen på badet
  • Barnebok
  • Samlaget 2011

Detektiv Smartbart er til vanleg Hagbart, minstemann i ein familie med tre ungar og ein pappa. Handlinga er lagt til første dag i sommarferien. Ungane trur dei kan sove lenge, barre stå opp tidleg nok til å sikre seg playstation og speletid før søskena. Men faren vil det annleis. Rot må ryddas og huset vaskas før familien kan begynne ferien. Han sett i gong Operasjon Husvask. Dermed startar konfliktane: Kven har rota mest, kven må gjere mest, kva er mest urettferdig – og korleis kan ein sabotere noko av arbeidsfordelinga.

Hanssen gjer denne lett gjenkjennelege konflikten og kvardagslege handlinga til ei uvanleg, spennande og artig historie. Ungane som kjenner far sin, veit at den godmodige mannen blir autoritær når han blir sint. Seg i mellom kallar dei han då Oberst, Hagbart har til og med gitt han tilnamnet Oberst Dobørst. Når faren blir sint , oppfører ungane seg som soldatane hans. Det er lurast, for snarast mogleg å få han «så medgjerleg som dei likte å ha han».

Ungane har ein utprega rettferdssans. Hagbert som rotar mest, får lettast jobb fordi han er minst og livredd støvsugaren. Då reagerer dei store, og sabotasjen på badet er i gong. Det er ei fornøyeleg bok. Skildringa av ungane, korleis dei tenkar og korleis dei handlar er tatt på kornet. Søskena kranglar seg imellom, men har felles strategi ovanfor den vaksne. Dei er utspekulerte når dei kjenner seg urettferdig behandla, og kreative når dei skal hemne seg. Forfattaren klarer å skape action og eventyr av ein vanleg dag i familien.

Hagbert, minstemann og hovudperson i boka, har ei hemmeleg rolle som detektiv Smartbart. Detektiv Hagbart veit korleis han skal avsløre storesøskena. Slik får sabotasjen på badet ein heilt annleis utgong enn ein skulle vente.

Sigrid Merethe Hanssen skriv ein nynorsk som er enkel og lett å lese og oppfatte for ungar. Ho er også så velformulert at det litterære er godt ivaretatt. Eg gleder meg til å lese boka for barnebarna i 5-6 års alderen.

Boka er full av humor. Den lågmælte humoren vi møtte i novellene hennes, får her fri utfalding. Her er ein humor eg trur verkar både for ungar og vaksne, bare på ulik vis. Dramatisering og overdriving er verkemiddel som ungar veit å sette pris på.

Åshild Irgens som har illustrert boka, skal ha si del av æra for ei god barnebok. Teikningane understrekar og blæs opp handlinga, slik at forteljinga blir enda meir fantasifull. Teikningane og boka er fargesett på ein gjennomført måte som gjer «Detektiv SMARTBART og sabotasjen på badet» til ei vakker barnebok.

Mest lest nå

...

Her tjener 18-åringer 400.000

Næring Tenåringer uten fast jobb tjener mellom 300.000 og 400.000 kroner årlig. Les mer

...

Her ser vi UFOer i nord

Nyheter 10 observasjoner av UFO i Nord-Norge på litt over to år.

Sjekk hva, hvor og når her. Les mer

...

Trailer i grøfta

Nyheter Kjørte rett av E6. Les mer


Tips

Telefon: 776 10 500
SMS/MMS: 2097 kodeord NORDLYS
E-post: tips@nordlys.no
RSS-feeder

Kontakt oss

Rådhusgt. 3, Tromsø
Boks 2515, 9272 Tromsø
Tlf: 07760
E-post: firmapost@nordlys.no

Annonser

BEDRIFT/NETT
Annonseselger: Dag Tørrissen
Tlf: 776 23 626
PRIVAT
Tlf: 07760
E-post: annonse@nordlys.no

Ansvarlige

Sjefredaktør: Anders Opdahl
Digitalredaktør: Danny J. Pellicer
Adm. dir.: Nils H. Hansen
All videre bruk av stoff
og annonser fra Nordlys
er ulovlig uten særskilt avtale.

NORDLYS I SAMFUNNET

Les rapporten:
Nordlys i samfunnet
Se jubileumsvideo:
Nordlys i 110 år

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.