Ei flott diktoppleving

Hanne Aga skriv små og tilsynelatande opne dikt. Det poetiske språket hennar er nyskapande, søkande og utforskande. Ho inviterer oss inn i si eiga undring og oppleving, gir oss språklege rom å lese oss inn i: «Ein dag song eg/ Dei fann eit rom ingen visste om».

Publisert 10.10.2005 kl 15:33 Oppdatert 10.10.2005 kl 15:37

Tips en venn på e-post:

Dikta hennar er sjølvreflekterande og fulle av rørsle
...
NUMMER 10 «Eit rom å falle inn i» er den tiande diktsamlinga til Hanne Aga Foto: Tom Benjaminsen

HANNE AGA

  • "Eit rom å falle inn i"
  • Diktsamling
  • Solum forlag 2005

Eit rom å falle inn i er den tiande diktsamlinga til Hanne Aga, som debuterte i 1981 og bur i Tromsø.

Diktsamlinga er tredelt. Fyrste del heiter «Porten som slår», andre del «Van Gogh tvilar ikkje» og siste del «Porten syng».

Hanne Agas poetiske univers e1ler rom, som hun kallar det her, er ho sjølv. Ho bruker eit kroppslig språk, som kan vere erotisk kreativt: «Når det når oss//Språket som fargar munnen din// Hendene spring ut/i netter og dagar».

Dikta hennar er sjølvreflekterande og fulle av rørsle. Ho beveger seg inn og ut av «porten som slår», som både stoppar og frigjer: «Å forstå er/Ei sak mellom/meg og deg// Inngangar og/utgangar det /er alt».

Erkjenninga i seg sjølv er ei språkleg handling hos Hanna Aga: «Vegen framover// Som om han finst/ / Eg leitar i netter og dagar/og tømmer skogen for svar».

Van Gogh og bileta hans blir slektskap og uttrykk for hennar eiga tru og håp: «Han går med sine kvite steg over åkeren/Dei svarte fuglane over han er ikkje å ta feil av/Villskapen i himmelen syner seg/ Eg veit om dette/ Eg tvilar slett ikkje på det eg ser/ Kornet når meg med sitt strie gule auga». Assosiasjonen til Van Gogh' kunst er enda klårare i kortdiktet: «Van Gogh tvilar ikkje/Kvar dag står han i åkeren/ Og gjev oss si strie sjel».

«Porten syng» om dikting, kommunikasjon og kontakt: «Det er ikkje dagane/det er noko i vegen med/ eller nettene for den saks skuld/men blikket ditt kanskje som / ikkje lenger treff rommet/ mellom linjene dette rommet/ som vender seg mot deg og / framleis trur at du er til».

Eg vil vere varsom med å lese mellom linjene og tolke dei poetiske tekstane til Hanna Aga. Det blir lett ein måte å redusere dikta, referere bileta til den ytre røynda og gjere teksten meir eintydig. Dikta er sterke nett fordi dei er enkle og komplekse, og gir rom for så mange lesemåtar og opplevingar. Det er ei lita bok, med spennande rom ikkje bare å falle inn i, men å bli i – mens vi tar Hanne Agas språklige univers inn over oss.

Førsteamanuensis i skandinaviske språk og litteratur ved universitetet i Gdansk, Maria Sibinska, har skrive ein innsiktsfull analyse av Hanne Agas forfatterskap i slutten av diktboka. Ein fin veivisar inn i ei flott diktoppleving.

Mest lest nå

...

Kvinne (61) omkom

Nyheter En 61 år gammel kvinne omkom i en kollisjon mellom en bil og en lastebil torsdag kveld. Les mer

...

Hvem liker deg ikke på Facebook?

Kultur Slik kan du se hvem som har fjernet deg som venn på Facebook. Les mer

...

Dyreste vare på Rema: 79.500 kr.

Nyheter Nei, det er ikke feilprising. Les mer

...

Vikarlærer skal ha truet med å knuse ansiktet til 12 år gammel jente

Nyheter Læreren kom hjem til jenta som var alene hjemme og truet med å vansire henne for resten av livet. Les mer


Tips

Telefon: 776 10 500
SMS/MMS: 2097 kodeord NORDLYS
E-post: tips@nordlys.no
RSS-feeder

Kontakt oss

Rådhusgt. 3, Tromsø
Boks 2515, 9272 Tromsø
Tlf: 07760
E-post: firmapost@nordlys.no

Annonser

BEDRIFT/NETT
Annonseselger: Dag Tørrissen
Tlf: 776 23 626
PRIVAT
Tlf: 07760
E-post: annonse@nordlys.no

Ansvarlige

Sjefredaktør: Anders Opdahl
Digitalredaktør: Danny J. Pellicer
Adm. dir.: Nils H. Hansen
All videre bruk av stoff
og annonser fra Nordlys
er ulovlig uten særskilt avtale.

NORDLYS I SAMFUNNET

Les rapporten:
Nordlys i samfunnet
Se jubileumsvideo:
Nordlys i 110 år

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.