...
ARKTIS: Kan kampen om oljeressursane i Barentshavet og andre delar av Arktis i ein verst tenkeleg situasjon utvikle seg til militære konfliktar? Illlustrasjonsfoto: Ocean Rig AS

Militarisering av oljekapplaupet

RESSURSAR I NORD: Utvinning og forbruk av olje kan utløyse ei omfattande klimakrise. Men – kva med faren for militær konflikt i nord?

Publisert 13.09.2012 kl 22:00 Oppdatert 14.09.2012 kl 09:15

Tips en venn på e-post:


...
John Gustavsen

Dei to NATO-statane Island og Storbritannia hamna i åra 1958-1976 i krig om torsken, denne livsviktiga skapningen som symjer i våre nære hav. Det vart teke militære maktmiddel i bruk, og David sigra over Goliat. Til all lukke vart det ikke drepe folk då dei to havstatane baska i hop, men omgrepet krig er fullt ut forståeleg.

Flaggkommandør og tidlegare ubåtstef Jacob Børresen utga i fjor ei framifrå bok om dramaet, Torskekrig! (Abstrakt forlag 2011). Han har også ved ulike høve stilt seg kritisk til norsk forsvarspolitikk i nord. Legg difor merke til kva han skriv i innleiinga:

«Når faren eller frykten for i krig i form av militær invasjon fra Sovjetunionen er borte, er muligheten for konflikt om ressursene i Norges tilstøtende havområder kommet mer til syne. En ressurskonflikt i nordområdene vil neppe utløse regulær krig, men kan, i verste fall, få en militærpolitisk dimensjon. Partene vil kunne benytte militære midler for å markere forpliktelser og enggasjement, for å sette motparten under press, blokkere for eller framtvinge handlinger hos motparten».

Snøhvit var det fyrste steget inn i den arktiske petroleumsalderen frå norsk side. Etter Skrugard-funnet har norsk opinion blitt underkasta eit roseraudt propagandashow så vel av Statoil som olje- og energiministeren.

Opposisjonen på Stortinget er feid ut av banen, kritikarar vert nærmast sett på som spedalske og akademikarar synes neddopa av velstanden.

Men ein er aktiv i debatten, Geir Hønneland, som både er forskningsleiar ved Fridtjof Nansens institutt og professor II ved UiTø. I bøker og artiklar har han vist å ha store kunnskapar om Arktis. Difor bør ein følgja med når han tek ordet.

Det gjorde han i Dag og Tid (10/8-2012) der han hevdar at «Alt prat om kappløp om ressurser i nordområdene bunner i overdrivelser og medieoppstyr» og «En viss spenning finnes der, men den skal som sagt ikke overdrives».

Hønneland held optimistisk fram i same blad 31/8 og hevdar at Arktisk ikkje er nokon konfliktsone, men snarare ein kamp for å sikre gode tilpassingstiltak mot klimaendringane og sørgja for at tilstrekkjelege reguleringstiltak er på plass før transport og ressursutvinning eventuelt skyt fart i området.

Måtte Hønneland ha rett. Men kanskje tek han feil eller er uvitande om korleis folk som bur i Arktis har det. Her siktar eg fyrst og fremst til tilhøva for dei 400.000 urfolka; inuitane i Alaska, Kanada og Grønland er alt påført stor ulukke ved at isen smeltar. Dei 28 urfolka i Russland frå samar i vest til tsjuktsjerar i aust har opplevd smertefulle øydeleggjingar. Oljesøl på tundraen har vore omfattande i fleire regionar.

Etter kvart som metangassen (CH4) vert frigjort, kan eit klimatisk helvete vera i gang. Gaia-teorien til James Lovelock (f. 1919) ser ut til å ha truffe her nord alt. Han spådde for mange år siden svolt, krig og store migrasjonar som følgje av klimaøydelegjingane (Kjelde: Apollon 6/7-2007).

Finsk presse har sett faremoment i nord. Nyheitsbyrået Interfax rapporterte i juli med visning til russiske forskere at «Nordishavet bør døpes om til Det russiske ishavet». Drakampen om Arktis blei markert då Russland plasserte eit titanflagg på Nordpolen i 2007.

Forskar Annikka E. Nilsson ved Stockholm Environment Institute har vist korleis drakampen og retorikken om Arktis har eskalert. Ho ser for seg «ein latent konfliktsituasjon» og fortel om kollegaer som fryktar militær spenning som fylgje av klimaforverring og kamp om fiskeriressursane. Nilsson trur også at Kina kjem til å krevje meir enn eitt ord med i laget etter kvart som høgindustriell aktivitet flytter mot nord. (Kjelde: Hufvudstadsbladet 22/8-2012)

Russland ser på Arktis som kanskje det strategisk viktigaste økonomiske området i tiår framover. Difor rustar ein no opp så vel sjø- som luftmilitære vapen. Ein førebur seg på konfliktar.

President Putin frontar dei russiske petroleumsinteressene. Då bygginga av den fjerde av åtte atomubåtar i Borei-klassen starta opp i Severodvinsk 30/7-2012, var han til stades. «Prins Vladimir» lyder namnet på skapningen.

Ironisk nok tyder Vladmir «styre over freden». Den er spesialdesigna for å kunne skyta ut dei nye Bulava-rakettene som kan nå mål over heile kloten. Moscow Times har m.a. dekt hendinga, og Putin understrekar at atomubåtane skal vera element i ei styrking av våpenmakta i Arktis. Han sa:

«Marinen er et redskap for å beskytte våre nasjonale økonomiske interesser, det gjelder også den arktiske region der noen av verdens viktigste biologiske og minerale ressurser er samlet». (Kjelde: Nordlys 2/8-2012)

Seniorforskar John Kristen Skogan ved Norsk Utenrikspolitisk Institutt (NUPI) hevdar at Russland tydeleg vil ty til militære maktmiddel for å forsvara sine interesser i Arktis. Med bygging av dei nye atomubåtane varslar Russland at ein er parat til kamp.

I Danmark har Forsvarets Efterretningstjeneste (FE) i ei risikovurdering frå i fjor åtvara mot at uvenlege episodar kan oppstå. Politiske og juridiske usemje kan utløyse militær makbruk. FE peikar på at oljeboring og fiske i omstridte område kan skapa spaning. Men Geir Hønneland er ikkje einsam i si optimistisk tru på framtida i Arktis, han får følgje av norsk etterretningsteneste. (Kjelde: Klassekampen 5/9-2012)

Om vi går til andre regionar av verda er det nok av døme på at olje og gass kan utløysa krig, t.d. i Irak og Libya. Kvifor skulle krig om det rike Arktis vere utenkjeleg?

På forsiden nå


...

Guds hus råtner på rot

Takrenner faller ned. Taksteinen løsner. Syllstokkene råtner. Malingen flakner av. Det skinner ikke akkurat av Rossfjord kirke.

...

Heidi og broren skulle gi foreldrene en unik bursdagsgave...

Gjenskapte 30 år gamle barndomsbilder

...

Kan spre usikkerhet

TIL-trener Bård Flovik tviler på at to tapte matchballer skaper usikkerhet i TIL-stallen.

...

Sliter med nerver i opprykksjakten

SANDEFJORD-TIL 3–1 Samtidig som TIL rotet bort den andre matchballen kunne Sandefjord juble over seriemesterskapet.