Talet på offer for menneskehandel i Noreg auke. Stadig fleire traffickeras til landet for å selja sex eller til å gjera tvangsarbeid. Nyleg deltok Røde Kors Ungdom på storbykonferanse om menneskehandel. Her møttes folk som jobbar mot menneskehandel i dei største norske byane for å dele sine erfaringar. Representantar frå politi, barnevern, ulike organisasjonar og etatar deltok.
På konferansen kom det fram stygge historier frå både Tromsø, Trondheim, Oslo, Bergen og Stavanger. Menneskehandel er eit problem i heile landet. Barn, kvinner og menn lev i skjul under uverdige forhold, midt i blant oss. Dei er frårøva fridomen og vert haldne som «slavar», utan moglegheit til å bestemme over sitt eige liv.
Frå Tromsø deltok to politimenn som etterforskar menneskehandelsakar. Dei fortalte at det er fleire personar som er traffickert til Tromsø og tvungne til å selja sex. Tromsøpolitiet hevda også at tvangsarbeid skjer i byen, og at de mistenkte enkelte bedrifter i blant anna serveringsbransjen for å være innblanda i menneskehandel.
Frå alle storbyane deltok politifolk. Røde Kors Ungdom vil rosa desse for å vise stor vilje til å hjelpe ofra for menneskehandel og til å etterforske moglege bakmenn. Det som samstundes var felles for alle, inkludert tromsøpolitiet, var at alle ynskjar å bruke meir av sin tid på slike saker. Mangel på ressursar var et felles problem.
Røde Kors Ungdom krev at politiet i Tromsø får meir tid og ressursar til å etterforske menneskehandelsakar. Me kan ikkje leve med at menneskjer utnyttes på det grovaste her i byen vår. Dette arbeidet må prioriterast opp! Samstundes vil me oppfordre Tromsø kommune til å delta på kommande møter og konferansar om menneskehandel.
Tromsø var den einaste storbyen som berre stilte med representantar frå politiet. Me sakna fleire deltakarar frå Tromsø. Alle dei andre byene stilte med representantar frå hjelpeapparatet.
Kampen mot menneskehandel kan ikkje vinnast av politiet åleine. Ofra trenger hjelp og omsorg. I Bergen, Trondheim og Stavanger samarbeidar politi, barnevern, asylmottak, andre etatar og frivillige organisasjonar tett for å hjelpe ofra for menneskehandel. Me ynskjar en slik satsing i Tromsø også. Det vil gjøre byen tryggare for oss alle.