Tannhelsetenesta er ikkje tilfredsstillande

Førebyggjande behandling, fluor og ei god skuletannhelseteneste gjer at svært mange i dag går til tannlegen med null hol.

Publisert 28.07.2008 kl 14:25 Oppdatert 28.07.2008 kl 14:43

Tips en venn på e-post:


Dei fleste av oss har råd til å betale for ein årleg enkel sjekk hos tannlegen, men det finst grupper som ikkje har det. Venstre meiner at tannhelsebehandling skal sidestillast med legebesøk, slik at ein får refusjon med eit eigenandelssystem. Ei offentlig finansiering av tannhelsebehandling vil vere rettferdig for alle.

Venstre meiner det er trist at regjeringa ikkje nytta høvet til å betre ordningane for dei som treng det mest då dei la fram tannhelsemeldinga i vår. Ei forpliktande satsing på gratis tannhelsebehandling for utsette grupper er heilt fråverande, og dette er særs skuffande. Det er urimeleg at naudsynt handsaming av tenner og sjukdomar i munnhola skal gjerast separat frå andre sjukdomar og separat frå det offentlege helsevesenet. Det finst ikkje faglege grunnar til at tannhelsa skal vere isolert frå anna medisinsk handsaming.

Storparten av befolkninga har god tannhelse, men utsette grupper som rusavhengige, eldre, mottakarar av sosialhjelp og kronikarar vert ramma av at Regjeringa ikkje styrker denne delen av helsevesenet. Det er ein uverdig situasjon for folk som må ta opp lån for å betale tannlegerekningane sine. I mange familiar med lav inntekt veit vi også at tannlegebesøk vert nedprioritert. Mange med lav inntekt droppar tannlegen med det resultat at problema og kostnadane veks. Venstre vil difor at personar med lav inntekt skal få gratis tannlegebehandling.

Venstre vil ha på plass ei forpliktande økonomisk satsing på gratis tannhelsebehandling for grupper med svak økonomi, deriblant minstepensjonistar, rusmisbrukarar, kronikarar og langtidsmottakarar av sosialhjelp. Venstre utfordrar med dette regjeringa til å sette av meir pengar til tannhelse på framtidige budsjett. Vi vil ha ein stor og omfattande reform, slik at tannsjukdomar og tannlegebehandling vert handsama på same måte som andre medisinske tilbod. På sikt bør tannlegebehandling sidestillast med legebesøk. Ei offentleg finansiert ordning knytt til tannhelse vil gje utsette grupper auka vørdnad og sikre betre tannhelse for heile befolkninga. Ei gradvis innfasing over tid vil vere den beste metoden for på sikt å dekke store utgifter til nødvendig tannlegebehandling for alle.

Tannlegeskrekken kan vi ikkje gjere så mykje med, men rekninga i etterkant kan reduserast.


Tips

Telefon: 776 10 500
SMS/MMS: 2097 kodeord NORDLYS
E-post: tips@nordlys.no
RSS-feeder

Kontakt oss

Rådhusgt. 3, Tromsø
Boks 2515, 9272 Tromsø
Tlf: 07760
E-post: firmapost@nordlys.no

Annonser

BEDRIFT/NETT
Annonseselger: Dag Tørrissen
Tlf: 776 23 626
PRIVAT
Tlf: 07760
E-post: annonse@nordlys.no

Ansvarlige

Sjefredaktør: Anders Opdahl
Digitalredaktør: Danny J. Pellicer
Adm. dir.: Nils H. Hansen
All videre bruk av stoff
og annonser fra Nordlys
er ulovlig uten særskilt avtale.

NORDLYS I SAMFUNNET

Les rapporten:
Nordlys i samfunnet
Se jubileumsvideo:
Nordlys i 110 år

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.